Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master, 2 år
Studiepoeng:
120
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Faget spesialpedagogikk er konsentrert om å forstå og betre vilkåra for barn, unge og vaksne som møter ulike barrierar med konsekvensar for læring, utvikling og livsutfalding. Det er såleis eit svært viktig grunnlag for å planlegge, gjennomføre og vurdere lovpålagd spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og spesialundervisning i skulen. Studiefaget spesialpedagogikk gir også eit grunnlag for å forstå, utvikle og halde ved like inkluderande læringsmiljø og inkluderande opplæring for alle barn, unge og vaksne i barnehage og skule. Spesialpedagogikk er både eit vitskapsfag og eit profesjonsfag. Vitskapsfaget inneheld kunnskap og innsikt om fagfeltet som kjem fram i systematisk, metodisk og kritisk forsking. Profesjonsfaget byggjer så langt det er mogleg på vitskapsfaget, men også på relevante, etablerte og prøvde praksisbaserte erfaringar frå pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd. Personale med spesialpedagogisk kompetanse kan bidra til å sikre kvaliteten i opplæringstilbodet til alle barn, unge og vaksne, men er særleg viktig for å sikre kvaliteten på opplæringstilbodet til barn, unge og vaksne med behov for ekstra tilretteleggingar i opplæringa.  Viktige føringar for dette er tidleg innsats, førebyggande arbeid, tilpassa og inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø. Studiet gir studentane inngåande kunnskapar, ferdigheiter og kompetansar som gjeld opplæringa i barnehage og skule. Merksemda er særleg retta mot dei spesialpedagogiske utfordringane og korleis kombinere omsyna til den enkelte med inkluderande opplæring som ramme., full_html

Undervisningsopplegg

Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og har ulike arbeids- og dokumentasjonsformer.Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane., basic_html

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4384

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning.Bestått minimum dei tre første åra av grunnskulelærarutdanningaFørskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning.Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, og som i tillegg har dokumentert pedagogisk prksis, kan takast opp etter særskild vurdering. Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi 1 poeng pr år, inntil fem år. (Totalt maks 5 poeng)Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi 1 tilleggspoeng per 30 stp., inntil 90 stp. (Totalt maks 3 poeng). , basic_html

Alle utdanninger innen