Teater og drama
Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert ei tekst analysert og tolka, og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø, og lære å bruke teater og dramakunnskapar på ulike arenaer, er dette studiet for deg. Seksjon for drama og teater har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, lydstudio og verkstad.
Studienivå
Årsstudium
Søknadsfrist
15. april 2019
Studiepoeng
60
Semester
2
Om studiet
Årsstudium i teater og drama er eit praktisk-teoretisk studium, sett saman av fire obligatoriske emne. Du skal mellom anna jobbe med improvisasjon og teatersport, lage teaterframsyningar i ulike genre, skape forteljarteater, analysering og iscenesetjing av dramatiske tekster og lære å skrive akademiske tekster. Alle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevner. Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig. Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid. Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.
Undervisningsopplegg
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, førelesingar, prosjektarbeid, framføring, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Informasjon om opptak
Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 618
Tilrådd forkunnskap
Generell studiekompetanse
Informasjon fra Samordna Opptak
Opptakskrav
Poenggrenser 2018
Oppgis ikke (primær)
Oppgis ikke (ordinær)
Oppgis ikke (ordinær)
Studieplasser
10
Søknadskode (SO)
223618