Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Studiet gir deg utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Du får høve til å fordjupe deg i språklege eller litterære tema.
Kva lærer du?
Studenten kan velje mellom nordisk og engelsk fordjuping. Eit årsstudium (60 studiepoeng) og 30 studiepoeng frå eit fordjupingsnivå (inklusiv bacheloroppgåve) er obligatorisk i det språk- og kulturområdet studenten vel å fordjupe seg i (norsk eller engelsk). Innføringsemna Examen philosophicum og Kurs i akademisk oppgåveskriving er obligatoriske i bachelorgraden, og vert tilbodne i haustsemesteret i andre studieår.
Kva jobb kan eg få?
Bachelor i språk og litteratur kvalifiserer deg for jobbar der det er bruk for språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor. Dette gjeld mellom anna i undervisning, informasjonsarbeid, presse, forlag, bibliotek og arkiv
Om du ønskjer å bli lærar og undervise i skuleverket, må du bygge på med ei mastergrad for å få opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse. Høgskulen i Volda tilbyr mellom anna Mastergrad i skriftkulturar.