Ønskjer du å sjå, spele og skape teater for ulike målgrupper? Då kan reisa di starte hos oss. Årsstudiet gjer grunnlag for arbeid innanfor yrke som til dømes scenekunstnar, teaterpedagog, forteljar og museumsformidlar, og har ein unik kombinasjon av praktisk teaterarbeid og teoretisk-akademisk utdanning.Studiet er identisk med første året av Bachelor i skodespel og scenekunst ved Høgskulen i Volda, og vil bli godskrive denne graden om du ønskjer å studere vidare.Følg oss gjerne på Facebook eller TikTok.,
Årsstudium i teaterproduksjon vil gje deg erfaring med m.a.Skodespelarteknikk og scenekunstEnsemblebygging og improvisasjonTeaterproduksjonKreativitet og kommunikasjonForteljarkunstTeaterkunnskapAlle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”Husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevne.Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig. Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid. Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid som:Scenekunstnar i det frie kulturlivetTeaterpedagog/kulturskulelærarForteljarMuseumsformidlar,