Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Sosionomutdanninga passar for deg som ønskjer å jobbe med menneske og er oppteken av samfunnsspørsmål og sosiale problem. Studiet har som mål å utdanne brukarorienterte, reflekterte og analytiske sosionomar, som er kvalifiserte til å arbeide med menneske i krevjande liv
Kva lærer du?
Gjennom sosionomstudiet får du innsikt og kompetanse i korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skapar og held ved like sosiale problem. Du lærer å ta utgangspunkt i brukarane sine behov, og korleis du skal planlegge og organisere tiltak saman med dei.
Studiet har to hovedkomponenter:
- Samhandling - kunnskap om og evne til å etablere og handtere relasjonar til menneske i krevjande livssituasjonar.
- Kompetanse til å forstå korleis strukturar i samfunnet verkar inn på og formar enkeltmenneske og grupper sine liv og muligheiter, og å forstå korleis strukturar påverkar vilkåra for yrkesutøving.
Kva jobb kan eg få?
Som sosionom kan du jobbe både i og utanfor institusjonar, hovudsakleg innanfor kommunale og statlege tenester. Sosionomen arbeider mellom anna i Nav, kriminalomsorg, rehabilitering, rusfeltet, psykatri og barne- og familievernet.
Som sosionom kan du jobbe både i og utanfor institusjonar, hovudsakleg innanfor kommunale og statlege tenester. Sosionomen arbeider mellom anna i Nav, kriminalomsorg, rehabilitering, rusfeltet, psykatri og barne- og familievernet.
Bachelorgraden gir grunnlag for opptak ved Master i barnevernsarbeid, Master i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering og Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium.