Skulen har linjer og varierte valfag som spring ut av ekstremsport- og kulturbygda Voss. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap, berre ein gåtur unna Voss Resort. Bli den du vil vera - velkommen til (V)oss!

Voss folkehøgskule er den perfekte plassen for deg som ynskjer å skapa minner for livet. Skulen ligg midt i hjarta av Voss, ein fantastisk plass for ekstremsport og kultur. Omkransa av flotte fjell og med Vangsvatnet som bakgrunn.

Lett å nå, vanskeleg å reise ifrå

Bergensbana går rett gjennom Voss, så du kan ta toget rett hit frå både Oslo og Bergen. Frå stasjonen er det berre eit kvarter å gå til skulen, og like i nærleiken ligg eit sentrum med overraskande gode butikkar og cafear.

Her på Voss folkehøgskule er heile bygda vårt klasserom! Voss har unike fasilitetar for kunst, kultur, ekstremsport og friluftsliv. Som elev får du prøve kroppsflyging i vindtunnelen, og du får årskort til både Voss Gondol og Voss Resort, som ligg i gangavstand til skulen. Dette gjev deg enkel tilgang til fjell, natur, skianlegg og puddersnø!

Voss folkehøgskule er for deg som er 18 år eller eldre og vil utvikle deg både fagleg og personleg. Skulen er open og inkluderande, alle blir møtte med respekt og toleranse.

Her kan du utforske spanande fag med høg kvalitet, samtidig som du vert ein del av eit godt fellesskap og får vener for livet.

Dei mange valfaga gjer kvardagen variert og interessant, og du får sjansen til å lære meir om både deg sjølv og verda rundt deg. Dette hjelper deg med å finne di eiga retning i livet og samfunnet.

Voss folkehøgskule

Telefon: 47476536
www.voss.fhs.no

Utdanningstilbud

Dette lærestedet tilbyr 28 folkehøgskoleutdanninger
Tittel Sorter synkende Interesser
Actionfoto Ekstremsport, Friluftsliv, Media og kommunikasjon, Foto
Bratt Ekstremsport, Friluftsliv, idrett og sport, Sykkel, Ski, brett, snowboard, Klatring
Bratt - Haust 2027 Ekstremsport, Friluftsliv, idrett og sport, Sykkel, Ski, brett, snowboard, Klatring
Bratt - Vår 2028 Ekstremsport, Multisport, Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard
Data & Friluftsliv Spilldesign og spillutvikling, E-sport, spillkultur, data, Friluftsliv, Media og kommunikasjon
Data & Friluftsliv - Haust 2027 E-sport, spillkultur, data, Friluftsliv, Media og kommunikasjon
Data & Friluftsliv - Vår 2027 E-sport, spillkultur, data, Friluftsliv, Media og kommunikasjon
Data & Friluftsliv - Vår 2028 E-sport, spillkultur, data, Friluftsliv, Media og kommunikasjon
Ekstremsport Ekstremsport, Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Kano, kajakk
Ekstremsport - Haust 2027 Ekstremsport, Friluftsliv, idrett og sport
Ekstremsport Bratt - Vår 2027 Ekstremsport, Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard
Ekstremsport Luft Ekstremsport, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv
Fotografi & Kortfilm Kunst og håndverk, TV, film, video, Media og kommunikasjon, Foto
Fotografi & Kortfilm - Haust 2027 Kunst og håndverk, TV, film, video, Media og kommunikasjon, Foto
Fotografi & Kortfilm - Vår 2027 Kunst og håndverk, TV, film, video, Media og kommunikasjon, Foto
Fotografi & Kortfilm - Vår 2028 Kunst og håndverk, TV, film, video, Media og kommunikasjon, Foto
Idrett & Friluftsliv Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Idrett, Friluftsliv
Idrett & Friluftsliv - Haust 2027 Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Idrett, Friluftsliv
Idrett & Friluftsliv - Vår 2027 Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Idrett, Friluftsliv
Idrett & Friluftsliv - Vår 2028 Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Idrett, Friluftsliv