Nøkkelinformasjon

Om studiet

Opplev meistring og vennskap på Bratt-linja! Ski, snowboard og frikøyring i park og bakke med vestlandets største alpinsenter rett i nærleiken. Det handlar om å ha det gøy og utfordre seg sjølv!

Les meir om linja på heimesida vår

Voss er eit ekte vintereldorado med rå fjell, utfordrande bakkar og to alpinanlegg rett i nærleiken. Her får du kjenne på friheit og meistring på ski og brett – i parken, i bakken og på urørte frikøyringslinjer med pudder. Fokuset vårt er enkelt: meistring, moro og vennskap. Som elev får du årskort i to av dei beste anlegga i Noreg, slik at du kan køyre så mykje du vil. Vi drar til Alpene på studietur i 14 dagar!

Dette gjer vi

  • Heisbasert køyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert).
  • Utforske frikøyringslinjer og jakte på pudder
  • Leke oss med hopp og rails i terrengparken
  • Lære kiting på snø over tre dagar
  • Dødsing både innendørs og utendørs
  • Klatring
  • Stisykling
  • Skating
  • Rafting i Europas beste elver
  • Fallskjermhopp

Dette lærer du

  • Teknikk og tryggleik på ski eller brett – både park, bakke og frikøyring
  • Personleg rettleiing tilpassa ditt nivå – frå nybyrjar til erfaren
  • Kiting
  • Dødsing
  • Stisykling, med fokus på meistring og utvikling
  • Klatring inne og ute (moglegheit for brattkort-sertifisering)
  • Basistrening retta mot ski og snowboardtrening
  • Enkle massasjeteknikkar for såre muskler etter ski og snowboard

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.