Nøkkelinformasjon
Om studiet
Opplev meistring og eventyr på fjellet eller i havgapet. Alpint og frikøyring i dei to beste skisentra på Vestlandet. Varierte idrettar, klatring, kiting, og jakt og fiske om du vil. Opplev Alpane.
Denne linja er perfekt for deg som vil prøve mykje variert, som er glad i idrett, og som vil bygge solid kompetanse i friluftsliv. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass – naturen og tilbodet innbyr til allsidig og spennande aktivitet rett utanfor døra! Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, ski/brett og vennskap vil stortrivast her. Vi drar til Alpene på studietur i 14 dagar!
Dette gjer me
- Tur til Alpene
- Høgfjellstur i telt
- Kystkultur, fiske og seiling på Litle Færøy
- Sykkeltur på Rallarvegen
- Klatring i Sogndal
- Me overnattar i snøhole, iglo, telt og under open himmel
- Det blir lange samtalar kring bålet, fiske og læring om turmat
- Du utviklar deg i ski og snowboard teknikk i Voss Resort
- Me nyttar skulen sin gymsal, nytt styrkerom og bygda sine idrettshallar
Dette lærer du
- På denne linja bygger du viktig kunnskap for å ferdast trygt og godt ute
- Læring i Kart og kompass, samt grunnleggjande Skredlære
- Sikkert friluftsliv i både høgfjellet og ved kysten
- Klatring (du kan ta brattkort) og buldring
- Førstehjelp på tur
- Mat på tur
- Kunnskap og erfaring med trening og crossfit
- Valfritt: Jegerprøvekurs og lære om tillaging av vilt