Nøkkelinformasjon
Om studiet
Elskar du tech og ein actionfylt hverdag? På Voss får du det beste av to verdener. Tar du utfordringen; rafting, klatring, hytteturer.
På Data & Friluftsliv blir du ein del av eit sosialt miljø med folk som deler interessene dine. Vi gamer, utforskar KI og lærer om teknologi – men vi sit ikkje inne heile året. Vi kjem oss ut på ski, hytteturar, rafting, paintball og mange andre opplevingar. Du treng ingen forkunnskapar. Her handlar det om prøve nye ting og oppleve meistring saman med andre.
Du får eit år med fridom til å utforske, skape og finne din eigen veg – utan karakterpress. Jobb med eigne prosjekt, prøv ulike sider av tech og finn ut kva du liker. Du blir òg ein del av ein stor tech-familie rundt ei av Noregs eldste datalinjer, med tidlegare elevar og fagfolk frå bransjen.
Vi bruker Voss og naturen rundt oss gjennom heile året. Mellom turane gamer vi, skaper, testar KI, kodar og utforskar teknologien som formar framtida.
Dette gjer vi
- Hytteturar
- Litle Færøy med segling og fiske
- Havkajakk i Nærøyfjorden
- Rafting
- Paintball og gokart
- Klatring og vindtunnel
- Møte med tech- og fagmiljø
- Gaming og LAN-party
- AI og ny teknologi
- Koding og lager nettsider
- Grafisk design og 3D
- Design og trykking av eiga merch
- Eigne prosjekt
- Besøk på studiestader og rettleiing om vidare studieval.
- Kanskje rekk vi ski i Voss Resort om snøen kjem tidleg