Voss har fantastiske linjer, over 20 varierte valfag og dyktige lærarar. Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss - kun 1,5 km til Voss Resort! Spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Voss folkehøgskule er den perfekte plassen for deg som ynskjer å skapa minner for livet. Skulen ligg midt i hjarta av Voss, ein fantastisk plass for ekstremsport og kultur. Omkransa av majestetiske fjell og med Vangsvatnet som bakgrunn, er vi berre 10 minutter frå sentrum, der du kan utforska alt bygda har å by på. Dette er ikke berre ein skule, det er eit eventyr!

Her på Voss folkehøgskule er hele bygda vårt klasserom! Voss har unike fasiliteter for kunst, kultur, ekstremsport og friluftsliv. Som elev får du prøve kroppsflyging i vindtunnelen, og du får årskort til både Voss gondol og Voss Resort, som ligg i gangavstand til skulen. Dette gir deg enkel tilgang til fjell, natur, skianlegg og puddersnø!

Voss folkehøgskule for deg som er 18 år eller eldre og vil utvikle deg både fagleg og personleg. Skulen er open og inkluderande, alle blir møtte med respekt og toleranse.

Her kan du utforske spennande fag med høg kvalitet, samtidig som du blir ein del av eit godt fellesskap og får nye venner.

Gjennom ulike aktivitetar og eit stort fagtilbod vil du oppleve både glede og meistring – noko som er viktig for å utvikle deg sjølv. Dei mange valfaga gjer kvardagen variert og interessant, og du får sjansen til å lære meir om både deg sjølv og verda rundt deg. Dette hjelper deg med å finne di eiga retning i livet og samfunnet.

Voss folkehøgskule

Telefon: 47476536
www.voss.fhs.no

Utdanningstilbud

Dette lærestedet tilbyr 21 folkehøgskoleutdanninger
Tittel Sorter synkende Interesser
Musikk & Friluftsliv - Vår 2027 Pop, rock, vise, band, Musikk, scene og teater, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv, Musikk