Nøkkelinformasjon

Om studiet

Bli med på eit år fullt av adrenalin, meistring og spektakulære naturopplevelsar i Ekstremsportbygda Voss! Her får du alt frå grundig opplæring i elvepadling til episke skidagar på pudderføre.

Les meir om linja på heimsida vår

Ekstremsport Ski & Elv er linja for deg som vil bruke årstidene til det beste og vere ute uansett vêr! Vi kombinerer snø og vatn for å leike og lære i. Når pudderalarmen går, er vi i skianlegget. Er det nysnø på fjellet, tek vi på fellene. Frys fossane til is, klatrar vi. Og når regnet kjem, padlar vi – i elva blir du våt uansett. Linja passar for deg som har stått litt på ski før og synest elvepadling ser både skummelt og veldig artig ut. 

Dette gjer vi

  • Minst 20 dagar elvepadling i verdsklasse (kajakk og packraft)
  • Køyre pudder og offpiste i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert)
  • Studietur til Soča Valley i Slovenia – ekstremsportparadiset på Balkan med smaragdgrøn elv og rå natur
  • Gå på toppturar med skifeller for å finne urørt snø
  • Klatre i islagte fossar med isøks og stegjern
  • Lære om vinterteltliv og overnatting ute
  • Utfordre deg sjølv i vindtunnel
  • Solo/overlevelsesdøgn
  • Vindtunnel
  • Padletur i UNESCO-verdsarvområdet Nærøyfjorden; Padling, teltliv og fjelltur
  • Avslutter året med eit tandemhopp i fallskjerm

Dette lærer du

  • Elvepadling - NPF Våttkort (utvida grunnkurs)
  • Alpint - Frikøyring og topptur
  • Snøskredlære
  • Klatring/buldring - NKF Brattkort
  • Havpadling - NPF Grunnkurs
  • Vindtunnel - Grunnkurs med moglegheiter for meir
  • Elveredning – NPF Sikkerhetskurs
  • Synfaring og "lesing" av elv
  • Tryggleik og risikovurdering
  • Førstehjelp
  • Turplanlegging
  • Friluftsliv
  • Vinterfriluftsliv

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.