Det er her det skjer. Ikkje midt i det største lyskrysset i landet, eller i den største folkevrimmelen. Nei, det er her det skjer.
Her som fjella reiser seg frå dei grøne markane, der fjorden blenkjer mot deg i haustsola og der himmelen over deg er mørk nok til å kunne sjå stjernene på vinteren.
Friluftslivskulen ligg fantastisk til mellom bre,
fjell og fjord.
På breen knakar og brakar det i 50 milliardar
tonn kvit, blank og blå is. På med hjelm, stegjern og klatresele.
Klar med isøksa til å møte eit nytt element. Jostedalsbreen er
nabo til friluftslivskulen, du kan gå den på langs og på tvers,
under over og gjennom den.
Fjella er høge, kvasse, bratte, steile, tøffe og
majestetiske. Dei er vakre og luftige. Fjella inviterer til
strevsomme oppturar og belønnar med rein plankekøyring ned att.
Vi startar i fjæra og går heilt til topps, opp på dei høgste
tindane. Av og til eit slit for å kome opp og fram, alltid ei god
kjensle av å meistre når vi når målet.
Og så er det fjorden. Ein dag er den speglblank.
Vi glir stille i kajakken langs land. Neste dag finn vi fram
segla, reiser masta og prøvar vinden. Ytst ute mot havet kjem dei
store dønningane innover. No er det surfebrettet sin tur. Så skal
vi under overflata, der finn vi eit nytt univers for oppdagingar,
dykking og jakt.
Utdanningstilbud
Tittel | Interesser |
---|---|
Bu og fritid | Tilrettelagte tilbud og botrening, Tilrettelagt undervisning, Friluftsliv, Sosial, helse og omsorg |
Friluftsliv / Ekspedisjon | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Klatring, Kano, kajakk |
Friluftsliv / Fjellsport | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv |
Friluftsliv / Jakt og fiske | Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Kano, kajakk, Friluftsliv |
Friluftsliv / KRIK | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Ballidretter |
Friluftsliv / Ski | Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Sykkel, Ski, brett, snowboard |
Friluftsliv / Ski og surf | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Friluftsliv |
Friluftsliv / Sport | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport |
Friluftsliv / Utforsk Norge | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Kano, kajakk |
Friluftsliv / Vegleiing, 2.-års tilbod | Andre fag og linjer, Ledertrening, Friluftsliv, Sosial, helse og omsorg |
Friluftsliv / Vind og vatn | Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Sykkel, Friluftsliv |