Nøkkelinformasjon

Om studiet

Har du gått eitt år på folkehøgskule? Men vil ha meir? Stipendiatane har praksis som vegleier på tur og som miljøarbeidar for Bu og fritid på kveldstid. Det blir meir friluftsliv og gode utfordringar!

Når eitt år ikkje er nok

Meir friluftsliv, fleire utfordringar. På denne linja er du stipendiat på skulen. Du må ha eit år med friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande.

Du blir vegleiar for andre elevar på tur, og får praksis med elevane på Bu og fritid. På ettermiddag og kveld er du aktiv i det sosiale miljøet på skulen. Før skulestart får du brekurs, og i løpet av året får du eigne kurs i bre/klatring, skred og skiinstruksjon.

Eit år der du gir mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake.

Dette får du som stipp

Friluftslivlære
Miljøarbeid
Pedagogikk
Spesialpedagogikk
Leiarutvikling
Personleg utvikling
Gruppeprosessar
Leiingsteori
Skredkurs
Brekurs
Klatrekurs
Vegleiarpraksis

Gjennom heile skuleåret har du praksis på ei av dei andre friluftslivlinjene.

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/vegleiing/

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.