Nøkkelinformasjon
Om studiet
Friluftsliv/Fjellsport er linja for deg som vil ha ei bratt læringskurve. I tillegg til mykje klatring blir det mellom anna terrengsykling, elvepadling, skikøyring og surfing.
EIT ÅR MED UTSIKT
Fjell treng folk - og folk
treng fjell. Difor skal vi vere i fjella. Dei bryr seg slett
ikkje om du er fersk eller erfaren. Vi skal klyve og klatre.
Sykle stiane og padle elvane. Teste grenser og likevel vere
trygge. Smile breitt frå toppen av klatreruta. Nyte vinterdagane
med ski på beina. Sette svingar i urørt snø. Tenne bål og oppleve
stilla ved foten av fjellet.
Vi skal gløyme tida. Vi skal opp.
FAKTA
Buldretur til Frankrike 11 dagar Høgruta i Jotunheimen over bre og fjell 4 dagar Tinderangling 3 dagar Brekurs 3 dagar Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen 5 dagar Skiveke i Hemsedal (fellestur) 5 dagar Sportsklatring 5 dagar Kiting 3 dagar Skikjøring i anlegg 5 dagar Isklatring 3 dagar Topptur 5 dagar Havpadling 3 dagar Elvepadling 2 dagar Buldring 5 dagar Fjelløping 1 dag Innføringskurs naturleg klatring 3 dagar Bolting 2 dagar Terrengsykling 2 dagar Vandretur på hausten 2 dagar Kokelagstur 3 dagar Førstehjelpskurs 2 dagar Skredkurs 3 dagar Felles snøholetur 3 dagar Åleinenatt 2 dagar Pilegrimsvandring 3 dagar
Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/fjellsport