Nøkkelinformasjon

Om studiet

Det er plass til mykje mellom himmel og jord. Eit folkehøgskuleår med friluftsliv og idrett for eksempel. Og leiartrening og undervisning i kristen tru. Og alt saman i majestetisk Vestlandsnatur.

Eit år med open himmel

Det blir sprakande bål og stille morgonar. Teltliv og topptur. Idrett, friluftsliv, ungdom og tru. Rom for å undre seg, stille spørsmål og lære. Om Gud og medmenneske. Om deg sjølv. Om terrengsykling, surfing, kiting. Elvekajakk, klatring og ski. Det finst så mykje under ein open himmel.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.