Nøkkelinformasjon
Om studiet
Skogane i Nordfjord er fulle av vilt. Bli med på jakt! Vi nemner hjort, rev, gås og villsvin. I tillegg er det god tid til fiske, spennande skiturar, sykling, klatring og vakre fjelltoppar.
FULLTREFFAR
No skjer det. Du får leve ut jegeren i deg. Skogane i Nordfjord er fulle av hjort og anna vilt, dette er eit eldorado både for erfarne jegrar og for dei som har lyst til å bli det. I skogen og på fjellet jaktar vi rype, hare, rev, villsvin og hjort. Vi prøver fellefangst, og på kysten jaktar vi gås og sel, og set både garn og line. Når jakta er over, lærer du å bruke ressursane frå naturen. Det blir gode middagar, for å seie det sånn!
I løpet av eit heilt år i Nordfjord er det plass til mykje meir. Du skal få prøve deg på mykje anna friluftsliv: spennande skiturar, sykling, klatring og vakre fjelltoppar.
Velkomen til eit år med mykje jakt og fiske!
FAKTA
Hjortejakt 9-12 dagar
Rype, hare- og skogsfugljakt 8-10 dagar
Villsvin- og beverjakt i Sverige 5 dagar
Havfiske/Segling 5 dagar
Innlandsfiske 5 dagar
Seljakt 3 dagar
Gåsejakt 3 dagar
Revejakt 3 dagar
Klatring 3 dagar
Toppturar 3 dagar
Fjelltur med fiskestang 3 dagar
Terrengsykling 2 dagar
Via Ferrata Loen 1 dag
Kano/Kajakk 3 dag
Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen 5 dagar
Via Ferrata Loen 1 dag
Vandretur om hausten 3 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Skredkurs 3 dagar
Skiveke i Hemsedal 5 dagar (fellestur)
Felles snøholetur 3 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar
Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/jakt-og-fiske/