Nøkkelinformasjon
Om studiet
Det handlar om å flyte. På toppen av elementa. Den rette kjensla i laussnøen på Stranda og i Sogndal. Bestige kvasse fjell i Jotunheimen og på Sunnmøre. Eller med surfebrettet blant bølgjene på Stad.
EIT ÅR MED FRI FLYT
Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite etter dei største opplevingane. På linja Friluftsliv/Ski og surf har vi naturlegvis hovudfokus på friluftsliv, ski og surf. Vi skal på roadtrip, på leit etter pudderparadis i heile Norge. På Ski og segl turen tek vi seglbåten inn Hjørrundfjorden, går frå fjæra og opp på flotte Sunnmørsfjell. Vi nyttar fjella til turar på ski og til fots. Skianlegga rundt skulen får ofte mykje snø, og då vil vi vere først ute. I tillegg til ski og surf får du prøve eit bredt spekter av aktivitetar. Du får ein god smakebit av klatring, kajakk, bre, stisykling og mykje anna. Friluftsliv gjennomsyrar alle aktivitetane vi driv med.
Du kan ikkje surfe gjennom heile livet.
Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord.
FAKTA
Pudderjakt i Noreg 8 dagar
Surfetur til Jæren 5 dagar
Surfing på Stad 5 dagar
Ski og segl på Sunnmøre 5 dagar
Skikøyring i anlegg 5 dagar
Tinderangling 3 dagar
Kystveke 3 dagar
Terrengsykling 2 dagar
Elvepadling 2 dagar
Havkajakk 3 dagar
Klatring 5 dagar
Toppturar 10-15 dagar
Via ferratta Loen 1 dag
Vandretur på hausten 3 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Skredkurs 3 dagar
Snøholetur 3 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Skiveke i Hemsedal (fellestur) 5 dagar
Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen 5 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar
Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/ski-og-surf/