Gjennomgått i samarbeid med NAFKAM - Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin 28. april 2025

Akupunktør

Ein akupunktør set nåler i bestemte punkt i kroppen for å behandle menneske.

Arbeidsoppgaver

Alternativ behandling, som akupunktur, er eit omstridt tema. Det er ingen krav til utdanningsbakgrunn. Kven som helst kan kalle seg ein akupunktør, fordi akupunktør ikkje er ein verna tittel. Det vil seie at sjølv om du har utdanning innan akupunktur, har du ikkje den same kompetansen, dei formelle kvalifikasjonane og det same ansvaret som autorisert helsepersonell har.

Behandlingsmetoden delast inn i to:

  • Klassisk akupunktur støttar seg på tradisjonell kinesisk medisin, som meiner sjukdom oppstår fordi på grunn av ubalanse eller blokkering i livsenergien qi. Når nålene treff punkta, gjenopprettar dei balansen i qi.
  • Medisinsk akupunktur støttar seg til vestleg medisin og meiner nålene stimulerer musklar og nervar. 

Akupunktørar behandlar alt frå smerte, angst, hovudpine, kvinneplager, søvnløyse, astma, depresjon til kvalme. 

Kva tener akupunktørar?

Korleis utdannar du deg til akupunktør?

Det finst utdanningar innanfor akupunktør, men ingen utdanningskrav. Grunnen er at akupunktør er ikkje ein beskytta tittel. 

 For å bli medlem av organisasjonen Akupunkturforeninga krev foreninga likevel nokre typar utdanning. 

Bedrifter: Kor jobbar akupunktørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med akupunktørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3229108 - ØREAKUPUNKTØR
  • 3229105 - AKUPUNKTØR

Andre yrke

Naprapat behandler pasient

Naprapat

Ein naprapat behandlar pasientar med smerter og problem i musklar og ledd.
Voksen mann sitter i en sofa og lytter til en kvinne

Psykoterapeut

Psykoterapeutar brukar samtaleterapi og andre metodar for å auke livskvalitet og betre menneske si mentale helse.
En mann og en kvinne sitter i en sofa og snakker sammen

Gestaltterapeut

Ein gestaltterapeut er ein som bruker samtaleterapi i behandlinga av klientar.
Massasjeterapeut masserer nakke

Massasjeterapeut

Ein massasjeterapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.
Massasjebord med tente lys

Aromaterapeut

Aromaterapi er ei naturmedisinsk behandlingsform som bruker eteriske urteoljer i behandlinga av pasientar.
Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som opererer pasientar, i tillegg til anna behandlinga.
Miljøterapeut i svømmebasseng med bruker

Miljøterapeut

Miljøterapeutar planlegg og legg til rette kvardagen for menneske som treng behandling, oppfølging eller tilsyn.
Hudpleier gir behandling til kunde.

Hudterapeut

Ein hudterapeut behandlar hud og kropp, og førebygger hudproblem.
Fiskehelsebiolog sjekker tank med fisk

Fiskehelsebiolog

Som fiskehelsebiolog jobbar du med varetaking av fiskehelse og fiskevelferd.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.
Illustrasjonsbilde av intensivsykepleier i arbeid.

Intensivsjukepleiar

Ein intensivsjukepleiar behandlar og pleier pasientar med akutte eller kritiske sjukdommar og skadar.

Relaterte lenker