Gjennomgått i samarbeid med NAFKAM - Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin 07. desember 2022

Aromaterapeut

Aromaterapi er ei naturmedisinsk behandlingsform som bruker eteriske urteoljer i behandlinga av pasientar.

Arbeidsoppgaver

Alternativ behandling, som aromaterapi, er eit omstridt tema. Det er ingen formelle krav til utdanningsbakgrunn. Kven som helst kan kalle seg ein aromaterapeut, fordi det ikkje er ein verna tittel. Det vil seie at sjølv om du har utdanning innan aromaterapi, har du ikkje den same kompetansen, dei formelle kvalifikasjonane og det same ansvaret som autorisert helsepersonell har.

Vanlege arbeidsoppgåver for aromaterapeuten:

  • undersøke den fysiske og psykiske helsetilstanden til pasienten
  • blande oljer i ei blanding som er vald ut frå resultatet av pasientundersøkinga
  • massere oljen inn i huda til pasientar

Som oftast blir aromaterapien brukt i kombinasjon med massasje. Behandling hos ein aromaterapeut kan også omfatte kosthald- og livsstilsrettleiing.

Utdanning

Det er ikkje nokon krav til utdanning for å kalle seg aromaterapeut. Likevel finst tilbod om enkeltståande kurs og utdanningsløp over fleire semester.

Ein del av desse gir også grunnlag for medlemskap i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon, som har utarbeidd fagretningslinjer og stiller krav til fagleg kompetanse.

Bedrifter som ansetter aromaterapeuter

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med aromaterapeuter

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5141111 - AROMATERAPEUT

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av akupunktør i arbeid.

Akupunktør

Ein akupunktør set nåler i bestemte punkt i kroppen for å behandle menneske.
Samtaleterapi

Gestaltterapeut

Ein gestaltterapeut er ein person som bruker samtaleterapi i behandlinga av klientar.
Massasjeterapeut masserer nakke

Massasjeterapeut

Ein massasjeterapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.
Osteopat behandlar nakke.

Osteopat

Osteopatar behandlar muskel – og skjelettplager og ser på samanhengane mellom fysiske, psykiske og sosiale faktorar som påverkar helsa vår.