Gjennomgått i samarbeid med NAFKAM - Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin 07. desember 2022

Aromaterapeut

Aromaterapi er ei naturmedisinsk behandlingsform som bruker eteriske urteoljer i behandlinga av pasientar.

Arbeidsoppgaver

Alternativ behandling, som aromaterapi, er eit omstridt tema. Det er ingen formelle krav til utdanningsbakgrunn. Kven som helst kan kalle seg ein aromaterapeut, fordi det ikkje er ein verna tittel. Det vil seie at sjølv om du har utdanning innan aromaterapi, har du ikkje den same kompetansen, dei formelle kvalifikasjonane og det same ansvaret som autorisert helsepersonell har.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein aromaterapeut:

  • undersøke den fysiske og psykiske helsetilstanden til pasienten
  • blande oljer i ei blanding som er vald ut frå resultatet av pasientundersøkinga
  • massere oljen inn i huda til pasientar

Som oftast blir aromaterapien brukt i kombinasjon med massasje. Behandling hos ein aromaterapeut kan også omfatte kosthald- og livsstilsrettleiing.

Korleis utdannar du deg til aromaterapeut?

Det er ikkje nokon krav til utdanning for å kalle seg aromaterapeut. Likevel finst tilbod om enkeltståande kurs og utdanningsløp over fleire semester.

Ein del av desse gir også grunnlag for medlemskap i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon, som har utarbeidd fagretningslinjer og stiller krav til fagleg kompetanse.

Bedrifter: Kor jobbar aromaterapeuter?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med aromaterapeuter

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5141111 - AROMATERAPEUT

Andre yrke

Massasjeterapeut masserer nakke

Massasjeterapeut

Ein massasjeterapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.
Naprapat behandler pasient

Naprapat

Ein naprapat behandlar pasientar med smerter og problem i musklar og ledd.
Voksen mann sitter i en sofa og lytter til en kvinne

Psykoterapeut

Psykoterapeutar brukar samtaleterapi og andre metodar for å auke livskvalitet og betre menneske si mentale helse.
Illustrasjonsbilde av akupunktør i arbeid.

Akupunktør

Ein akupunktør set nåler i bestemte punkt i kroppen for å behandle menneske.
En mann og en kvinne sitter i en sofa og snakker sammen

Gestaltterapeut

Ein gestaltterapeut er ein som bruker samtaleterapi i behandlinga av klientar.
Illustrasjonsbilde av logoped som forklarer ordlyd til et barn

Logoped

Ein logoped hjelper menneske som av ulike grunnar har problem med å kommunisere.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Psykiater i samtale med pasient.

Psykiater

Psykiateren er ein lege som undersøker og behandlar personar med psykiske lidingar.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
Hestefaglært forer hest ute på paddock.

Hestefaglært

Som hestefaglært kan du arbeide med mange ulike oppgåver innan hestehald, til dømes fôring og reinhald.
Grunnskolelærer underviser barn i klasserom

Grunnskolelærar

Ein grunnskolelærar arbeidar med elevar frå 1–10. klasse.