Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 5 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
300
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: REALFA
Poenggrenser 2024:
  • 50.10 (primær)
  • 56.40 (ordinær)
Studieplasser: 25
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 184827

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Fiskehelsestudiet har ei naturvitskapleg basis og profil. Studentane lærer gjennom forskingsbasert undervisning om akvatiske organismars biologi, om patogen og om innverknad av miljøfaktorar, dvs. om forhold som kan medføre utvikling av sjukdom og skade. Studentane lærer framtidsretta og hensiktsmessige metodar for diagnostikk, samt gis ei grundig innsikt i førebygging og behandling av sjukdom og skader hos akvatiske organismar.

Utdanninga innan fiskehelse dekker eit bredt spekter som omfattar virke innan havbruksnæringen, fiskehelsetenesta, forvaltning, samt utdannings- og forskingsinstitusjonar. Utdanninga gjer særlig innsikt i akvatiske organismars biologi og interaksjonar mellom disse, patogene, og ytre miljøfaktorar. Vidare, famnar utdanninga den primære fiskehelsetenesta og gjer innsikt i organisering og lovverk knytte til oppdrett og sjukdom. Studiet bidrar til å skjerpe studentanes etiske refleksjonar og bevisstheit om dyrehald og dyreforsøk, fremmer respekt og forståing for biologiske forhold og gir innsikt i globale miljø- og helseperspektiv. Gjennom faglig fordjuping utviklar studentane sjølvstendig kritisk, vitskapelig tenking og bevisst tilnærming, tolking og framstilling av forskingsresultat.

Programmet tilfredsstiller de krav som settast til autorisasjon som fiskehelsebiolog, og det stilles derfor strenge krav til studiets innhald og de fleste element i studieplanen er derfor obligatorisk. Studentar som har oppnådd master i fiskehelse- akvamedisin får den lovbeskytta tittelen Fiskehelsebiolog (Aquamedicine biologist), etter søknad til Mattilsynet. Fiskehelsebiolog er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og kandidatar som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæringen. Tittelen gjer avgrensa reseptrett.

Kvalifikasjon/tittel

Master i fiskehelse - akvamedisin