Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Institutt for geografi tilbyr ein toåring mastergrad i geografi innanfor dei tre studieretningane:
- Samfunnsgeografi
- Miljø- og landskapsgeografi
- Naturgeografi
Mastergraden er todelt og består av ein teoridel tilsvarande 60 studiepoeng og ei eiga praktisk/teoretisk masteroppgåve på 60 studiepoeng.
I løpet av det 2-årige studiet skal studentane utvikle kunnskap om sentrale tema, metodar, problemstillingar og forskingstradisjonar innan geografi. Studenten skal med rettleiing gjennomføra eit sjølvstendig praktisk/teoretisk forskingsprosjekt, normalt basert på feltarbeid, som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter og evner til å utforme, drøfte og analysere problemstillingar innan geografi.