Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Vil du planlegge, programmere og drifte datasystem eller utvikle nye digitale løysingar? Då kan ei IT-utdanning i Bergen vere noko for deg!
Kvifor studere informasjonsteknologi?
Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Med ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida, og med ein bachelor i informasjonsteknologi er arbeidsmoglegheitene mange.
Datasystem blir brukt på dei fleste område, for eksempel i helse og omsorg, finans og media, handel og energiforsyning. Med ei IT-utdanning vil du ofte jobbe i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk.
Gjennom studiet i informasjonsteknologi lærer du om korleis datamaskiner fungerer. Du lærer å programmere og å utvikle programvare til alt frå enkle appar til store IT-system. Ei rekkje tema knytt til konstruksjon og drift av IT-system er også ein viktig del av studiet.
I siste del av IT-studiet kan du velje mellom fleire med spennande spesialiseringar:
- programutvikling og -arkitektur
- drift av datasystem og skyløysingar
- web- og mobilteknologi
- datagrafikk og brukarinteraksjon
- kunstig intelligens og algoritmar
Vi tilbyr denne utdanninga på heiltid i Bergen, Førde og Haugesund.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og matematikk R1 (eller matematikk S1 + S2)
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar. Du blir godt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig fleire med IT-utdanning, både i privat og offentleg sektor.
Du kan blant anna jobbe med:
- programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt
- utvikling av webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande
- innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare
Lønn: Kva tener ein med IT-utdanning?
Har du IT-utdanning kan du ha mange ulike jobbar, for eksempel som IT-konsulent, systemutviklar, eller spillprogrammerar. Da tener ein i gjennomsnitt mellom 701 760-914 160 kr i året, i følge utdanning.no.
Utveksling
Australia | Queensland University of Technology | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10100
Australia | Griffith University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=309
Belgia | Thomas More University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=815
Canada | University of New Brunswick | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=504
Frankrike | Université Sorbonne Paris Nord | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=781
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591
Spania | Autonomous University of Madrid | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10013
Spania | University of Extremadura (UEX) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10056
Spania | Mondragón University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10255
Spania | University of Malaga | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10513
Spania | Polytechnic University of Valencia (UPV) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=776
Spania | Complutense University of Madrid | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=819
Sør-Korea | Myongji University, Seoul | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10286
Tsjekkia | Czech Technical University in Prague | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10035
Tsjekkia | University of Hradec Králové | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10040
Tyskland | Philipps-University of Marburg | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10012
Tyskland | University of Lübeck | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10048
Tyskland | University of Applied Sciences Mittweida | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=756
Tyskland | HTWG Konstanz University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10650
USA | San Diego State University (SDSU) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462