Nøkkelinformasjon

Om studiet

Ynskjer du å ha det kjekt med favorittspela dine, eller fordjupe deg i hovudspelet ditt? På linja Gaming & E-sport får du kombinere lidenskapen for dataspel med ein aktiv og sosial kvardag.

Gaming & E-sport er linja der vi tilpassar undervisninga til ditt nivå, enten du satsar på å slå igjennom som utøver, eller om du syns det er kjekt å game saman med andre. Her vil du blant anna lære meir om spel i ulike sjangrar, trening og kosthold. Læraren din har spisskompetanse innan FPSar som CS2 og Valorant, noko som du kan dra nytte av når du utviklar deg som spelar. 

På linja vil vi gjere mykje forskjellig. Kvardagen vil bestå av speling, konkurransar, arbeid med aim, taktiske ferdigheiter og kommunikasjon. Vi gjer også andre aktivitetar som go-kart, paintball og escape room! 

Bli betre i e-sport, kos deg med favorittspelet ditt, og ha ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening og andre idrettar. Jobb saman med andre spelarar for å bli betre i alt frå kommunikasjon til taktisk forståelse. 

Sunnfjord Folkehøgskole har ein lang tradisjon som idrettsskule. Her på Gaming & E-sport vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på samhald og individuelle ferdigheiter, er målet at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar. Elevane på Sunnfjord folkehøgskule er også viktige for lokalmiljøet i form av at dei hostar UKM-lan i nærområdet.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.