Nøkkelinformasjon
Om studiet
Opplev vikinghistoria tett på kroppen i vikingstaden Nordfjordeid! Ta del i den norske kulturarven og lær deg korleis vikingane levde.
Vikinglivlinja byr påfriluftsliv,sjølvbergingog gamlehandverkstradisjonar. Her får du lære åhausteogskapeav detfjord, fjell og havhar å by på. Bli med påkortreiste turarder vi pakkar fiskestonga,slår leirog lagarmat på bål.
Vi samarbeidar tett medSagastad, som er vestlandet sitt
nye vikingsenter.
På Fjordane Folkehøgskule vil vise degkorleis vikingane levde, tenkte og reiste.Noko av det du får vere med på er:
🎒Reise på «vikingtokt» til Island og kortreiste turar på Vestlandet.
⛺Lage Vikingmarknad og slå teltleirar saman med lokale vikingar.
⚔ Innføring i blankvåpenkamp og islandsk glima.
🛡 Leikar, kamp, historiske spel og musikk.
🥔Opparbeide vikingtunet vårt.
Du får også prøve deg ihandverkarrollaslik at du
kan gjere alt frå åsmi ditt eige bestikk, veve
brikkeband,til åsy dine eigne
vikingsko. Du får også bruke metall, tre, glas,
skinn og leire for åskape
autentiske gjenstandarfrå vikingtida.
For vikingane varhest eit viktig
framkomstmiddelogarbeidskraft.
Folkehøgskulen vår har heile trehestelinjerog
eit tett samarbeid medNorsk Fjordhestsenter. Det
betyr at du også får moglegheita til åutforske
hesteinteressadi gjennom fleirevalfagi hest – eller heilt andre
fag om du heller vil det.