Nøkkelinformasjon
Om studiet
Dette er linja for deg som elsker fysisk aktivitet og spenning i kvardagen! Vi kombinerer alt fra ulike typar adrenalinbaserte aktivitetar, med sport, toppturar og styrke på treningssenter.
Kjenn pulsen, livsgleden og samholdet i det du hiv deg frå eit fly, ut frå bakketoppen, eller hiv deg over målstreken etter triatlon.
Adrenalin - Idrett og Action: Bli den beste versjonen av deg sjølv!
Ønskjer du å bli betre teknisk på langrenn eller alpint, eller berre cruise i bakken? Lyst til å prøve triatlon, halvmaraton eller hinderløp? Vedlikehalde eller forbetre styrke og uthald? Kjenne på adrenalin og spenning med fallskjerm, rafting og Via Ferrata? Linjelærar er fleksibel og gjer sitt beste for at du skal få dei opplevingane du drøymer om.
Du vil oppleva:
- Adrenalin og spenning
- Toppturar haust, vinter og vår
- Vassport, ballsport og vintersport
- Styrke -og gruppetrening
- Diverse konkurransar
- At vi toler meir enn vi anar
Opplev det sosiale fellesskapet på Stord Folkehøgskule og fordjup deg i dine interesser!
Eit år på internat med andre med felles interesser betyr nye opplevingar, og venskap for livet.Du får tid til å orientere deg i livet, og kanskje gjere noko anna før du går ut i høgare utdanning eller arbeidslivet. Du formar året med linje- og valfag som du liker.
Test dine eigne grenser med spennande aktivitetar:
- Fallskjermhopp og rafting
- Via Ferrata, Klatring og klatrepark
- Surfing, Vannski, Wakeboard og Tube
- Gokart, Paintball og Trampolinepark
- Våttkort Kajakk
- Heilårsbading, Dødsing
- Triatlon, OCR og løp
Konkurransar! Vi startar og avsluttar skuleåret med ulike konkurransar; Triatlon, Hinderløp, Løp (5, 10, 12 eller 21 km), og konkurransar som me gjennomførar internt i klassen.