Nøkkelinformasjon

Om studiet

Samspel og lagspel er stikkord på bandlinja vår. Her får du bryne deg på både instrument og bandmedlemmar. Prøv deg på scena framfor publikum, i studio og som låtskrivar!

Få deg eit Band!

Har du ambisjonar og godt gehør – eller ein av delane – men manglar band? Ta med deg instrumentet ditt og musikkstilen din, og bli betre i begge delar. Du får prøva deg både på scenekanten og i studio. Manger er ein kreativ plass, og musikken stilnar ikkje sjølv om skuledagen er over.

Linja Band er eit fordjupningsfag innan Rytmisk linje.
På linja er det fokus på samspel, musikkformidling og låtskriving. Du får mange høve til å opptre framfor publikum, både på skulen og utanfor. På Manger møter du ungdom med bakgrunn frå ulike sjangrar, med ulike inspirasjonskjelder og gode basisferdigheiter på instrumentet sitt.

I skulen sine studio spelar du inn eigne eller andre sine låtar saman med elevane på Artist & låtskrivar, Hiphop og Musikkproduksjon. Desse linjene samarbeider tett. Hovudfokuset er på låtskriving, øving, konsertar og innspeling i studio. I tillegg får du individuelle timar på hovudinstrumentet ditt og undervisning i musikkteori og høyrelære. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.  

Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.