Nøkkelinformasjon

Om studiet

Me er stolte av å presentere den einaste brassbandlinja i landet. Har du slite ut nokre sko i skulekorps? Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Brassbandlinja gir deg akkurat det – meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Gled deg til mykje godt samspel!

Du møter likesinna ungdom på alle nivå. Nokre har ambisjonar om å gå vidare på høgare musikkutdanning, medan andre vil ha korps som ein gjevande hobby.

Gjestar frå inn- og utland

Brassbandlinja nyt godt av eit stort kontaktnett i Noreg, men også rundt omkring i Europa. Me får jamleg besøk av gjestedirigentar på toppnivå som jobbar med profesjonelle orkester, militærkorps og dei aller fremste brassbanda i verda. Me samarbeider med Manger Musikklag og Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Samspel

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2–4 fellesøvingar. Musikkutvalet varierer på dei ulike prosjekta.

I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert. Du får moglegheiter til å spele på kryss og tvers av alle linjene med eigne arrangement, blåserekker for band og storband.

Mange av våre elevar finn seg eit korps å spele med på fritida, og skulen legg tilrette for at dette skal vera mogleg og set deg gjerne i kontakt med lokale korps.

Hovudinstrument

Du får individuelle timar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.