Kvifor valde du dette yrket?

— Eg har alltid hatt sansen for teknologi og realfag , så eg var vel eigentleg aldri i tvil om at eg ynskte å bli ingeniør. Grunnen til at eg utdanna meg innan olje og gass var eit ynskje om å jobbe innan ein næring som er viktig for Noreg, samt på eit område der Noreg er verdsleiande. Vidare er det ein bransje i stor utvikling, der det kontinuerleg leitast etter nye og meir effektive måtar å utføre operasjonane på, ved blant anna implementering av ny teknologi. Det at ein i stor grad blir oppfordra til å tenkje nytt, og komme opp med gode løysingar på kompliserte utfordringar, gjer at det er ein veldig interessant arbeidsplass for ein ingeniør.  

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

— Hovudoppgåvene for ein boreingeniør er fyrst og fremst å planlegge dei ulike stega i ein boreoperasjon, samt seinare kontrollere og legge til rette for at planane blir utført på ein så god måte som mogleg. Arbeidsdagen vil variere mykje ut frå om ein er i planleggings- eller utføringsfasen av eit boreprosjekt. I planleggingsfasen er det ofte mange diskusjonar med geologar, geofysikarar, reservoar- og produksjonsingeniørar, om kor det er ynskjeleg at ein skal bore og kva ein ynskjer å oppnå med brønnen. Etter at ein har vorte samde om kor ein skal bore og kva ein ynskjer å oppnå, diskuterer ein vidare med leverandørar av utstyr korleis ein best kan oppnå dei ynskte måla, og kva utstyr og teknologi som er mest hensiktsmessig å bruke. I desse diskusjonane er simuleringar viktig. Mykje av dagen i ein planleggingsfase går derfor med til å gjere eller sjå på resultat av simuleringar, dette for at ein blant anna skal vite at utstyret ein tenkjer å installere i brønnen toler belastningane dei kan bli utsett for.

Etter at ein er vorte samde kor ein ynskjer å bore, kva ein ynskjer og oppnå og korleis ein ynskjer å gjere det, går ein over i utførelsesfasen. Ein vanleg arbeidsdag i utførelsesfasen startar med eit morgonmøte med dei som jobbar offshore. Her går me gjennom dei siste døgnsoperasjonane, samt prøver å sjå litt framover på kva som kjem, slik at me kan optimalisere operasjonen dei næraste dagane. Resten av dagen vil ofte gå med på å syte for at ynskt utstyr blir sendt ut til rett tid, samt skrive prosedyrar på korleis dei som jobbar offshore skal utføre dei framtidige boreoperasjonane.

Kva krevjast av utdanning og eigenskapar for å kunne jobbe innan dette yrket?

— For å jobbe som boreingeniør vil ein som regel trenge ingeniørutdanning. Dei fleste som tilsetjast i dag har ei mastergrad innan eitt eller anna ingeniørfelt. Dei viktigaste eigenskapane for å kunne jobbe som petroleumsingeniør vil eg seie er ein generelt god teknisk forståing, samt gode kommunikasjons- og analytiske evner.

Image
Lisens
1

Kven vil du seie ikkje passar til å jobbe innan yrket ditt?

— Generelt trur eg mange forskjellige typar menneske kunne likt å jobbe som petroleumsingeniør, men det er heilt klart ein stor fordel å vere glad i realfag , samt å jobbe i eit miljø som krev samarbeid, dette fordi mange av utfordringane ein står ovanfor krev tverrfagleg forståing.

Kva likar du best med yrket ditt?

— Det beste med yrket er å jobbe i team med ei rekkje folk med høg kompetanse innan sine fagfelt. I tillegg tykkjer eg det er særs interessant og givande å få vere med og sjå heile prosessen frå brønnen er på teiknebrettet, til den ferdigstillast og ein ser sluttproduktet i form av oljeproduksjon.   

Kva likar du minst ved yrket ditt?

— Ein del av jobben som boreingeniør går ut på å fylgje opp og godkjenne fakturaer på utstyr og leveransar ein har hatt i tilknyting til eit boreprosjekt. Sjølv om det er ein særs viktig jobb, så er det til tider tidkrevjande. Som ingeniør er det kanskje dette eg finn minst interessant ved jobben min. 

Kva slags type folk vil du anbefale dette yrket for?

— Dette er yrket for folk som likar realfag og tekniske problemstillingar, og det å jobbe i eit miljø som krev samarbeid og tverrfagleg forståing.

Kva andre arbeidsmoglegheiter finst innan yrket ditt?

— Som nyutdanna petroleumsingeniør vil ein typisk starte som boreingeniør, reservoar- eller produksjonsingeniør med ansvar for planlegging, drift og utføring av operasjonar på eit oljefelt. Det er vanleg at ein har den same posisjonen i cirka 3-5 år, slik at ein opparbeider seg kompetanse på fagfeltet sitt. Vidare kan ein søke nye utfordringar ved til dømes å skifte oljefelt, bevege seg vidare oppover i hierarkiet innan sin disiplin på same oljefelt eller fullt ut skifte disiplin. Dersom ein heller vil jobbe meir langsiktig med nyutvikling av teknologi eller i prosjekt, så er det også gode moglegheiter for det. Eg har sjølv jobba litt over fire år som boreingeniør på Gullfaks-feltet og skal rundt nyttår skifte jobb til å bli assisterande boreleiar offshore. 

Kva kan ein vente seg i lønn innan yrket ditt?

— Grunnlønna for ein boreingeniør samanfall mykje med Tekna’s lønnsstatistikk for sivilingeniørar. Dei fyrste åra har ein ofte moglegheit til å reise noko offshore. Dette bidreg til litt ekstra inntekt. 

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

— Dei siste åra har det på grunn av lav oljepris vore betydeleg vanskelegare å få seg jobb, men oljebransjen har tradisjonelt vore ein bransje med store svingingar, så dette kan fort snu. Næringa er langsiktig og det vil nok vere eit stort behov for folk med den rette kompetansen også dei neste tiåra.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.