Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Nord universitet
.


Om studiet
Om du er interessert i natur, jakt, fiske og/eller friluftsliv kan årsstudiet i naturforvaltning gje deg god innsikt i forvaltning av naturressursane. Studiet legg vekt på praktisk forståing av forvaltning, innføring i geografiske verktøy og artskunnskap innan botanikk og zoologi. Etter endt studium kan ein søke seg rett på andreåret i bachelorstudiet i naturforvaltning.
Årsstudiet i naturforvaltning handlar hovudsakleg om biologiske og forvaltningsrelaterte emne. Du lærar om zoologisk og botanisk naturmangfald på artsnivå, spesifikk forvaltning av hjortevilt og fisk og grunnleggande metodar i geografiske arbeidsverktøy for naturforvalting. Studiet er eit tilbod til deg som vil satsa på naturbasert næring, ønsker å utvide kompetansebasen din i naturforvalting eller er nysgjerrig på å starta ei høgare utdanning i naturforvaltning. Studiet inneheld emne som til saman gjev innsikt i viktige sider ved forvaltingsverdiane i naturen.
Studentar må ha gjennomført eit tryggleikskurs før dei kan bruka spesialrom, spesialutstyr eller utføra prosedyrar som medfører forhøgd risiko.
Opptaksinformasjon
Opptak til studieprogrammet krever generell studiekompetanse.
Søkere som ikke har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på grunnlag av: Realkompetanse
Opptak på grunnlag av realkompetanse
Hvis du søker på grunnlag av realkompetanse, må du dokumentere følgende for å kvalifisere:
- De generelle kravene for realkompetanse
- Faglige krav fra videregående skole: Matematikk 1P/1PY/1T og naturfag 56 timer.
- Relevant arbeidserfaring: Minimum tre av de fem påkrevde årene med arbeidserfaring må være arbeid innen landbruk, skogbruk, fiskeri, friluftsturisme, skjøtsel, miljøforvaltning, reindrift, klima og miljøvern og andre relaterte næringer/organisasjoner.
Det vil styrke din søknad dersom du kan dokumentere videregående skole med linje fra grønne fag, blå fag, tekniske fag og næringsmiddelfag.
Dokumentasjon:
Karrieremuligheter
Dersom du går vidare på bachelor i naturforvaltning, kvalifiserer du for ei rekke ulike stillingar innan f.eks. naturforvaltning, vilt- og fiskeforvaltning, landskapsplanlegging, informasjonsarbeid og naturoppsyn.
Døme på verksemder der kandidatar frå naturforvaltning arbeidar er Statens naturoppsyn, andre avdelingar i Miljødirektoratet, Statsforvaltaren, private verksemder, miljø- og naturorganisasjonar, og dessutan kommunar.
Utveksling
Det er ikkje rom for utanlandsopphald i årrsstudiet i naturforvaltning.