Fakta

Sted:
Haugesund
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Deltid
Oppstart: 11. september
Studiepoeng:
180

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

29. februar 2024.

Om studiet

Kvifor studere Maritime Management?

Maritime Management er ei skreddarsydd overgangsordning frå maritim fagskule til bachelorgrad som gir deg fleire moglegheiter i arbeidslivet. Utdanninga gir deg brei og oppdatert fagkunnskap som gjer deg attraktiv som sjøoffiser om bord i alle typar skip og i den landbaserte maritime næringa. Studieprogrammet går på deltid over fire år, og er tilpassa deg som er i jobb.

Gjennom studiet lærer du om:

  • informasjonsteknologi i den maritime sektoren
  • økonomi og logistikk
  • organisasjon og leiing
  • risiko- og kvalitetsleiing
  • prosjektleiing
  • forskingsmetode og akademisk skriving

Studiet er utarbeidd på bakgrunn av innspel frå maritimt næringsliv frå heile landet og tidlegare fagskuleutdanna, med særleg vekt på kva kompetanse den maritime næringa treng. 

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

Studiet er samlingsbasert med to-tre fysiske samlingar på to til fire dagar i kvart semester. Hausten 2023 vil det vere fysiske samlingar veke 37 og veke 43, med nokre digitale økter mellom samlingane. Du må sjølv dekke reise og opphald i samband med samlingane.

Studiet er lagt opp slik at det skal vere mogleg å kombinere med jobb. Det er likevel ikkje gitt at du vil kunne delta på all undervisning dersom du kombinerer studiet med jobb. Undervisninga på samlingane blir derfor tatt opp slik at du skal kunne følge dei sjølv om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk.

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ulike former for individuelt arbeid og gruppearbeid, bedriftsbesøk, rettleiing med meir. Mellom samlingane er det lagt opp til sjølvstudium, og for nokre emne vil det også vere einskilde nettøkter.

Før, mellom og etter samling vil du ha kontakt med emneansvarleg, forelesarar og medstudentar ved hjelp av ulike digitale verktøy.

Skal du starte opp til høsten? Informasjon om studiestart for kull 2023 finner du her.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i haustsemesteret på fjerde året.

Opptakskrav

Fullført og bestått toårig maritim teknisk fagskule, med fordjuping dekksoffiser eller maskinoffiser, på leiingsnivå.

Fritak: Søkarar med oppnådd vitnemål etter 1. juli 2013 får fritak for 60 studiepoeng, som utgjer første studieår. Søkarar med vitnemål frå før 1. juli 2013 vil bli vurdert individuelt, og må få fritak for 60 studiepoeng (som utgjer første studieår) for å vere kvalifisert.

Kvote: 30% av studieplassane er reservert for søkarar som har fullført fagskole våren 2022 eller 2023. 

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Bachelor i Maritime Management, gjerne kombinert med sjøoffisersertifikat, gjer deg attraktiv som sjøoffiser om bord i alle typar skip lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg gir utdanninga deg oppdatert fagkunnskap som er etterspurd i den landbaserte næringa. Den formelle bachelorgraden vil saman med di operative erfaring gjere deg attraktiv både til sjøs og til lands. Etter fullført bachelor har du moglegheit til å ta vidareutdanning på universitet og høgskular.

Alle utdanninger innen