Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Vil du bruke engasjementet ditt for barn og unge og bidra til at dei får trygge og gode livsvilkår? I barnevernspedagogutdanninga lærer du å vere ein trygg og profesjonell støttespelar. Du får kompetanse til å arbeide i eit barnevern i stadig utvikling – der du kan gjere ein forskjell.
Kvifor studere barnevern?
Barnevernspedagogutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet gir deg kunnskap, praksiserfaring og etisk innsikt til å møte barn, unge og familiar i sårbare livssituasjonar.
Når du studerer barnevern ved HVL i Sogndal får du:
- Tett oppfølging, der du som student blir følgt opp gjennom heile studieløpet, både på studiestaden og i praksis. Dette gir tryggleik, fagleg utvikling og god støtte under utdanninga.
- Nært samarbeid med praksisfeltet. Utdanninga har tett samarbeid med barnevernstenester og andre relevante aktørar, som sikrar praksisnær læring og god forståing for arbeidslivet.
- Etisk, relasjonell og fleirkulturell kompetanse. Det blir lagt stor vekt på etisk refleksjon, kommunikasjon, relasjonsbygging og forståing av kulturelt mangfald – heilt sentrale ferdigheiter i barnevernsarbeid.
- Variert internasjonaliseringstilbod, der studentane får høve til å delta i internasjonale prosjekt, reise på utveksling og ha praksisopphald i utlandet. Dette gir nye perspektiv og styrkar den profesjonelle forståinga.
Studiets oppbygging
Praksis
Praksisdelen av barnevernsstudiet utgjer nær 25 prosent. Gjennom alle tre studieår har du ulike typar praksis og du får jobbe med prosjekt i samarbeid med praksisfeltet. Her finn du meir informasjon om praksis for barnevern.
Mentorordninga Nattergalen er ei ordning der bachelorstudentar i barnevern eller sosialt arbeid er mentorar for eit barn med minoritetsbakgrunn i alderen 8-12 år.
Korleis er undervisninga?
Vi har førelesingar, seminar, rollespel, presentasjonar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Etter bachelor i barnevern kan ein jobbe innan
- barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakt
- barnehage og skule
- flyktningtenesta i kommunar
- barne- og ungdomspsykiatri
Lønn: Kva tener ein barnevernspedagog?
Barnevernspedagog tener i gjennomsnitt 651 480 kr i året. Les meir om lønn for barnevernspedagog på utdanning.no.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.
Canada | Trent University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10390
Danmark | UCL University College | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10450
India | Tata Institute of Social Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10652
Nederland | Saxion University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10488
Spania | University of Girona | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10689
Spania | Complutense University of Madrid | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=819
Sverige | Linnæus University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10451
Tanzania | Elimu Mwangaza | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10526
Tanzania | Kiwakkuki Centre Moshi | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=172
Tanzania | Amani Centre Morogoro | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=462
Tanzania | Mehayo Centre | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=700
Tanzania | Muhimbili National Hospital | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=742
Tanzania | The Open University of Tanzania | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10605
USA | Augsburg University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10329
USA | California State University Monterey Bay (CSUMB) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10491