Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master, 2 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Ta master på nett med to samlingar i Volda. Studiet kan også takast på heiltid.Med utgangspunkt i faga norsk og engelsk set master i skriftkulturar søkjelyset på tilhøvet mellom ulike kulturar og dei ulike skriftspråka og dertil tekstane som er med på å forme dei. I studiet får studentane høve til å sjå mindre brukte skriftspråk i lys av dominerande verdsspråk, med nynorsk og engelsk som sentrale eksempel på skriftspråk med ulike rammevilkår. Masterstudiet gir brei kompetanse innanfor språk, litteratur og kultur og dessutan eit inngåande, kritisk og tverrfagleg perspektiv på skriftkulturar si rolle i samfunnet. Skriving og skriftspråklege produkt er svært sentrale i samfunnet, og studiet er relevant for arbeid i skulen, forlag, museum, media m.m.Studentane kan velje fordjuping i anten norsk eller engelsk, og saman med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) gir fullført studium lektorkompetanse i faget norsk eller faget engelsk i skulen.Undervisninga er organisert som samlingar. Den første samlinga i kvart semester føregår fysisk ved Høgskulen i Volda, medan dei andre samlingane er digitale., full_html

Programmet er bygd opp av seks skriftkulturelle emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Heiltidsstudentar tek to emne per semester. Deltidsstudentar tek eitt emne per semester. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr.Obligatoriske emne, som går i haustsemesteret:SkriftkulturarVitskapsteori og metodeMasteroppgåve i SkriftkulturarValbare emne, som går i vårsemesteret:Språkvitskap og skriftkulturarNynorsk samtidslitteraturSkrift og fridom i den engelskspråklege verdaLese- og skriveferdigheiterDet vert vektlagt å gi studentane kunnskap og kompetanse innanfor ulike skriftkulturelle felt og røynsle med å planlegge og gjennomføre FoU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre. , full_html

Undervisningsopplegg

Undervisninga er organisert som samlingar, der den første samlinga i kvart semester vil føregå fysisk ved Høgskulen i Volda, medan dei andre samlingane vil vere digitale.Kvart haustsemester blir det gittundervisning i dei obligatoriske fellesemna SKR301 Skriftkulturar og SKR302 Vitskapsteori og metode.Kvart vårsemester blir det gitt undervisning i valemna SKR303 Språkvitskap og skriftkulturar, SKR304 Nynorsk samtidslitteratur, SKR305 Skrift og fridom i den engelskspråklege verda og SKR306 Lese- og skrivekunne.Alle emna er på 15 studiepoeng, og ein må ta til saman fire innleiande emne, tilsvarande 60 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet., basic_html

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4523

Anbefalt forhåndskunnskap

Bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng), der minimum 20 av studiepoenga må vere frå fordjupingsemne (200-nivå) i norsk (nordisk) eller engelsk. , basic_html

Utveksling

Det er ikkje lagt opp til praksis i studiet. Derimot vil det bli lagt til rette for utanlandsopphald i vårsemesteret ved ein av våre samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved Åbo Akademi University i Finland, University of Limerick i Irland, University of Aberystwyth i Wales eller University of Waikato på New Zealand. Emne frå desse universiteta kan då erstatte eitt eller fleire av våre eigne valemne som går i vårsemesteret. Det kan òg vere aktuelt å ha opphald i utlandet medan ein skriv på sjølve masteroppgåva. Utanlandsopphald er likevel berre eit tilbod, ikkje eit krav., basic_html