Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

9. februar 2024.

Om studiet

Studiet gir kjennskap til elevane sin mediebruk og mediekultur. Du lærer å produsere samansette tekstar med til dømes skrift, bilete, lyd og video, og korleis du kan legge til rette for elevane sin bruk og produksjon av slike tekstar. Studiet er nettbasert. Studiet har ei studieavgift på kr 5 000, i tillegg til semesteravgift.

Studiet gir deg kompetanse gjennom praktiske øvingar. Du får tilbakemeldingar og drøftar faglege og didaktiske utfordringar du møter som lærar i LK20. Les meir om emnet her

Undervisningsopplegg

All undervisning og rettleiing er nettbasert. E-læringssystemet Canvas vert nytta. Undervisninga er organisert som ein kombinasjon av nettleksjonar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. Emnet har to mappeoppgåver som skal vurderast og godkjennast før innlevering til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil vere på ca. 2500 ord. Mappeeksamen skal leverast elektronisk.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 3934

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande