Nøkkelinformasjon

Om studiet

Er du opptatt av tekst og song, og ønskjer å bruke eit år på å utvikle deg i eit sosialt miljø der musikk skjer heile døgnet? Her er linja for deg som har fokus på både låtskriving og studiobruk!

Har du ein låtskrivar i magen? Lær å spele inn songar, mikse dei, gjere lyddesign, for så å framføre dei framfor publikum og slepp musikken på internett!

På linja Låtskriving og studio lærer du kva som gjer ei låt bra; melodisk føring, akkordar, betoning, tekst og komposisjon. I tillegg lærer du å spele inn musikk, med Ableton Live og Logic Pro som innspelingsverktøy. Om du alt har erfaring med andre program, kan du bruke dei òg. Skulen har tre musikkstudio av forskjellig storleik, og det er mogleg å bruke dei til seint på kveld. Live framføring står også på timeplanen. Før påske toppar me det heile av med å reise på turné, der du kan få spele låtene dine for nye publikum kvar kveld!

Det er ikkje krav om forkunnskapar på linja; interesse for musikk og lærevilje er alt du treng! Du blir følgt opp av songlærar gjennom heile året, og får opplæring i teori. I tillegg til dei dyktige lærarane på skulen, får me fleire besøk gjennom året av dyktige musikarar.

Livet på folkehøgskule er ei unik oppleving du må ha erfart for å forstå fullt ut. Her er det elevar frå heile landet, og det skjer alltid noko sosialt på skulen. Du vil danne sterke vennskap! Moglegheitene for å prøve noko nytt, som jegerprøven eller snowboard, er mange. På Voss folkehøgskule er det eit yrande skapande miljø med kreative linjer, og det er stor moglegheit for å samarbeide. 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.