Nøkkelinformasjon

Om studiet

Gira på PT-utdanning - og i tillegg få 30 studiepoeng?

På denne linja vil du lære så mykje om trening og helse at du rett etter skuleslutt kan bli sertifisert som Personleg Trenar i samarbeid med AFPT. Dei er størst i Norden på PT-utdanning. Faktisk kan du få 30 studiepoeng med på kjøpet om du ynskjer det. Det skjer i tilfelle via Høgskulen i Volda. Normalt kostar dette 60 000 kr. Du får det inkl. i linjekostnadane.

Innhald
I løpet av året vil du lære om treningsmetoder, programdesign, ernæring, anatomi, fysiologi, treningslære, bevegelighet, skadeforebygging, utholdenheit og mykje anna.

Treningssenter
Undervisninga vil foregå på Sporty sine to treningssenter i byen. Her finn du ein crossfit-rigg, ein spinningsal, ein sal for gruppetreningar og det du treng av apparat og lause vekter. For 500 kr for eit heilt skuleår har du fri tilgong til treningssenter, klatrehall og badeland.

Folkehøgskuleår
Du får meir: Saman med andre linjer får du ballspel, surfing, RIB, vannsport, klatring, Via Ferrata og toppturar på ski og til fots i Sunnmørsalpane. I november venter ein treningsleir i varmare strøk med massevis av workshops. I sum får du dermed det beste av trening og eit folkehøgskuleår.

Kurs
Hvis du ynskjer PT-sertifisering må du naturleg nok vere motivert for å jobbe målretta på fritida. Klarer du ein praktisk og teoretisk test rett etter skuleslutt har du ei EHFA nivå 4-sertifisering som gjer deg svært attraktiv som PT i inn- og utland. I tillegg kan du altså få 30 studiepoeng.

Eigentleg er valget lett: Berre pakk treningsbag’n og kom!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.