Nøkkelinformasjon

Om studiet

Nokre trenar for gøy. På Alarm.Beredskap trenar du for å redde liv!

På linja får du sjå korleis politiet gjer krimtekniske undersøkingar, du er med på søk/redning med Redningsskøyta, du lærer om frigjering av fastklemte i bilvrak og om skadestadleiing. Det blir trening i samband/kommunikasjon og møte med 110-sentralen og Politiets operasjonssentral.

Kompetanse
Du kan ta ulike brannmanntestar og røykdykkarkurs som gjer at du kan få jobb som brannmann. Du får formell kompetanse innan klatring, padling og førstehjelp. Du lærer å redde folk i vatnet og på isen og rappellerer deg ned til skadde i fjellveggen. Det blir badevaktkurs og båtførarprøve. Du får prøve deg på skytebane, tester fysikk og psyke på Sjøkrigsskolen og er med på ein fire døgn lang øvelse med lite mat og lite søvn.

Trening
På linja vil du få målretta trening ut fra dine eigne mål, anten det er å bestå ulike styrke-/løpstestar til ein blålys-etat eller å førebu deg til fyrstegongstjenesten. Difor er trening, nesten kvar dag, er ein viktig del av linja.

Eit stort treningssenter står til fri disposisjon 50 m frå skulen. Du har også tilgong til klatrehall og badeland. I studioet til ein tidlegare profesjonell MMA-utøvar lærer du nærkamp og sjølvforsvar.

Eigentleg er det berre å pakke gymbagen og gjere deg klar!
Klar til å sjå om du har det som trengs…

Fortsatt nysgjerrig?
Les meir om linja på sunnmore.fhs.no/linjer/alarm-beredskap

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.