Nøkkelinformasjon

Om studiet

Du er typen som likar å vere i aktivitet. Og aller helst både i gymsalen, på treningssenteret og i friluft.

I Sør-Afrika får du høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 217 meter. Men du får også eit bankande hjarte i møte med menneska i «Homeless Soccer»-prosjektet i Townshipen i Cape Town.

I løpet av året vil du kjenne den gode kjensla når du set spor i urørt puddersnø. Spenninga når paraglideren får luft og bølgja tek tak i surfebrettet. Smerta over ei litt for hard takling eller når ei paintballkule treff deg i ryggen.

Gleda over eit drømmetreff på fotballbana. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Eit heilt år med garderobestemning, samhald og gode lagkameratar.

Det meste av det beste: 

Sør-Afrika | Fallskjerm/Cape Town | Surfing i Hoddevika | Skikøyring på Strandafjellet | Fotball | Volleyball/beachvolley | Golf | Treningsstudio | Paragliding testdag | Langrenn | Surfing på Stad | Squash/badminton/padel | Klatring | Skøyter/ishockey | Stup/symjing | Go-kart | Frisbeegolf/fotballgolf | Paintball | Leirdueskyting | Topptur Sunnmørsalpane | Strikkhopp 217 m | ATV/Zipline

Sjekk ut YouTube-kanalen
Les brosjyra for 22/23 på nett

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.