Nøkkelinformasjon

Om studiet

Denne linja er for deg som vil vise at miljø, berekraft og fantastisk og fantasifull design kan gå hand i hand!

På vår nye linje "Design & Redesign" skaper vi alt frå enkle kvardagsplagg til antrekket som gjer at nettopp du blir lagt merke til på festen! Og vi skaper det på ein berekraftig og miljøvenleg måte!

Vi bruker tid på å finne ut kva som er moten i dag før vi skaper nye plagg, møblar eller interiørartiklar med utgangspunkt i det vi har som ellers alt for tidleg kunne ha vorte kasta i søpla!

Sunnmøre har i alle år vore møbelhovedstaden i Norge. Vi besøkjer møbelfabrikkar og diskuterer design med dei som lever av dette! Sentralt for oss i dei diskusjonane blir korleis vi koblar dette mot dei 5 R-ane; "Refuse, Reduce, Reuse, Recycle og Repair". Slik vi skal gjere det skal det bli bra både for lommeboka og miljøet samstundes med at du får vere med å skape noko unikt!

Denne linja kjem til å samarbeide tett med linjene "RAP X // NYC" og "Cosplay X // Asia" samt "Animasjon // Japan".  Vår studietur går enten til NYC sammen med RAP X eller til Asia med Animasjon og Cosplay. Det får du vere med å bestemme når skuleåret startar!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.