Nøkkelinformasjon

Logo Fagskulen Vestland
Logo Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Førde

Nivå

Fagskolegrad

Studiepoeng

60.00

Kostnader

kr 3550,- pr. semester.

Studieform

Nettstudium

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

15. april

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Antall semester

4

Opptakskrav

F-TEK-BYG0011

Antall studieplasser

25

Søknadskode (SO)

20084-32

Om studiet

Behovet for digital kompetanse i alle delar av samfunnet er aukande. Etterspurnaden etter BIM-koordinatorar som kan koordinere digitale planleggings- og samarbeidsprosessar er stor. BIM-koordinatoren må kunne orientere seg i ein tverrfagleg kvardag, samtidig som ho/han kan utøve og tileigne seg avansert kompetanse på eige fagfelt.

Fordjuping gir kompetanse til å modellere med 3D-modelleringsprogram. Ein haustar bl.a. planteikningar, snitt-teikningar, fasadeteikningar, mengder og 3D-visualisering av modellane. Ulike modellar baserte på ulike modelleringsprogram blir samanlikna i ein modellsjekkar for å unngå kollisjonar og sørge for effektiv og sikker planlegging og bygging.

Undervisningsopplegg

Utdanninga passer for deg som har fagbrev innan bygg og anlegg eller innan tekniske installasjonar. Du vil jobbe med modellering av bygg eller koordinering av prosessar ved hjelp av BIM-modellar. Den vil og passe for dei som skal leie byggeprosjekt gjennom BIM-modellar.

Yrkestittelen BIM-teknikar eller BIM-koordinator gir deg svært gode jobbmoglegheiter hos større entreprenørar, rådgivarar, programvareleverandørar, arkitektfirma, ferdighus-fabrikantar og i undervisningssektoren.

Utdanningstilbod

Dette studiet er eitt-årig nettbasert over to år.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår nettbasert er slik:

Ni nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju og ein halv time undervisning pr. dag.

Gjennomføring av utdanninga

Studiet er basert på digitale samlingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar ved hjelp av digitale dataverktøy. Det er spesifiserte arbeidskrav i alle emne som må oppfyllast i samsvar med studieplanen.

Opptakskrav

  1. Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev

  2. Realkompetanse

  3. Søkjarar som kan dokumentere at de skal gjennomføre relevant fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan tildeles plass på vilkår om bestått prøve.

Opptaksinformasjon

Du søkjer via Samordna opptak.

Kvalifikasjon/tittel

BIM-koordinator.