Agronom

– Det eg likar best med å vere bonde er å utvikle og styre eiga bedrift. Det er veldig moro å jobbe med dyr og naturen, seier Susann.
En dame i blå overdel. Hun smiler til kameraet.
Susann Sørheim, 33 år
Bonde og rådgivar
Nerem Samdrift Da og Norgesfôr
«Vi har tre slåttar i året der graset blir hausta med finsnittar og lagt i plansilo, i tillegg blir det pressa litt rundballar.»
― Susann Sørheim
Tekst og foto:
Ingvild Hegge Eriksen
Publisert: 28.08.2026
«Vi har tre slåttar i året der graset blir hausta med finsnittar og lagt i plansilo, i tillegg blir det pressa litt rundballar.»
― Susann Sørheim
«Du kan jobbe som rådgivar innan landbruk, TINE, Nortura, private møller, Felleskjøpet, og ein kan jobbe på landbruksskule som lærar.»
― Susann Sørheim
«Eg har alltid elska å vere i fysisk aktivitet og det å vere saman med dyr og ha varierte arbeidsdagar med full fart!»
― Susann Sørheim

Kvifor velte du å bli agronom?

– Eg valde å ta utdanning innanfor landbruk i all hovudsak for at eg har vakse opp gard med mjølkeproduksjon og hadde planar om å ta over gardsdrifta. Eg følte at eg ikkje var ferdig med utdanning og ønska å byggje meir kompetanse slik at eg skulle vere betre rusta til å over ta drifta. Dermed tok eg ein bachelorgrad i Husdyrvelferd og produksjon på Nord Universitet i Steinkjer. 

Etter ferdig utdanning jobba eg fem år i TINE Rådgiving og i etterkant som rådgivar i Norgesfôr. 

Eg har alltid elska å vere i fysisk aktivitet og det å vere saman med dyr og ha varierte arbeidsdagar med full fart! Det var dette som var utslagsgivande for at eg valde til slutt å jobbe på garden på fulltid.  

Image
Dame med brunt hår og blå genser står på et jorde med kyr rundt seg. En grå trebygning i bakgrunnen sammen med bjørkeskog.
Foto: privat

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg? 

– Eg jobbar på ein gard i Tresfjord i lag med sambuaren min og ein samdriftsdeltakar. Vi produserer cirka 550 tonn med mjølk og har cirka 270 storfe. Alle oksane blir fôra fram til slakt, i tillegg kjøper vi inn nokre oksar frå andre bruk som vi og fôrar fram til slakt. 

I tillegg til jobben på garden, så jobbar eg framleis litt som rådgivar i Norgesfôr som handlar om fôringsoppfølging til kundar i Norgesfôr.

Når ein jobbar som bonde har ein veldig varierte arbeidsdagar. Dagane varierer også gjennom året, frå sesong til sesong. Ein arbeidsdag i sommarhalvåret vil vere annleis samanlikna med ein arbeidsdag i vinterhalvåret. 

Særskilt på våren og sommaren må vi jobbe mykje, og døgnet skulle gjerne hatt fleire timar. Då er det mykje utearbeid som å gjødsle, slå gras, samle gras til rundballar og så vidare. I tillegg skal fjøset stellast og drifta haldast i gong innandørs. 

Om våren og sommaren skal alt arealet gjødslast med husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Dyr skal ut på beitet, og vi fraktar dei frå fjøsen til beite med dyrevogn. Vi har tre slåttar i året der graset blir hausta med finsnittar og lagt i plansilo, i tillegg blir det pressa litt rundballar. Etter første og andre hausting blir det gjødsla med husdyrgjødsel og kunstgjødsel. 

Ein vanleg dag i fjøset hos oss, består først av å få eit raskt overblikk over fjøsen om alt ser bra ut. Så må vi inn på PC-en og sjekke. Eg jobbar i eit robotfjøs der teknologien er ein viktig del av arbeidskvardagen. Her får vi oversikt over antal mjølkingar, om det er avvik på nokon av kyrne når det kjem til mjølkingar eller aktivitet, om det er dyr ein burde hente til mjølkeroboten og så vidare. 

Når ein har fått oversikt over dette, er det å setje i gong fjøsstellet. Vi har cirka 90 kalvingar i året, det er dermed alltid ein del kalvar som skal ha mjølk. Da setjer eg mjølk på utskilling frå mjølkeroboten og tildeler mjølk med mjølkebar. Dei aller minste kalvane får mjølk på flaske. Er det nykalva kyr eller sjuke kyr så blir desse mjølka manuelt i føde/sjukebinge. 

Så må vi gi kraftfôr til alle kvigene og oksane i fjøset. Dette blir gjort med trillebår. Hos oksane måkar vi først bingane deira, og så får dei sagmask slik at dei får ligge mjukt og godt. Når dette er gjort, må vi måke alle kvigebåsane og alle liggebåsane hos mjølkekyrne i lausdrifta. 

I vår drift er det spreidd kalvingar gjennom heile året. Vi må dagleg sjekke om det er behov for å inseminere kviger og kyr. Dette er det dyrlegen som gjennomfører. 

Å drive gard fører også med seg mykje kontorarbeid. Det er strenge krav til dokumentasjon, så det blir ein del arbeidstid på kontoret.

Kva krevst for å kunne arbeide som agronom? 

– Eg ville ikkje vore forutan utdanning mi som bonde. Det å drive med mjølk- og kjøtproduksjon krev mykje kunnskap. Landbruket er ein av dei næringa som har hatt størst teknologisk utvikling i samfunnet, og ein må kunne mykje om mykje. Det er mange avgjerder som skal takast gjennom arbeidskvardagen og arbeidsåret. Når ein har teorien som ein grunnmur i botn, føler eg at ein står mykje stødigare. 

Noko av det viktigaste som bonde er at ein må tole å ha lange arbeidsdagar. Mental styrke er også ein fordel, då det er mykje uføresett som kan skje, som ein som regel må ordne opp i sjølv. 

Kven passar dette yrket for, og kven passar det ikkje for?

– Om du er glad i varierte arbeidsdagar og utfordringar, er bonde den perfekte jobben. Du blir aldri utlært i dette yrket, og det er heile tida ting ein kan ta tak i og utvikle. Du må vere glad i å jobbe med dyr, glad i å jobbe ute. Det er mykje fysisk og tungt arbeid. Det er også ein stor fordel om ein kan handtere maskiner og reiskap. 

Jobben passar nok ikkje for den som er glad i kortast moglege dagar. Du må vere open for å jobbe både kveld og helg. 

Kva likar du best med å være agronom? 

– Det eg likar best med å vere bonde er å utvikle og styre eiga bedrift. Det er veldig moro å jobbe med dyr og naturen. Og så er eg glad i maskinarbeid, alt frå pløying til gjødsling og så videre. 

Kva likar du minst? 

– Det eg syns er mest krevjande, er at ein er veldig fastlåst til jobben. Det er ikkje alltid så lett å ta seg fri. 

Eg synst også det er ein ulempe at det er mykje jobbing på kveld og helg. Det kan også vere tungt å føle at ein ikkje strekker til når det er høgsesong og ein ikkje er à jour med ting.

Image
Dame som holder en svart kalv. Hun står på fôrbrettet hvor det er kyr på hver side som spiser høy som ligger utover bakken.
Foto: privat

Kva slags andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Etter endt utdanning har ein ganske mange jobbmoglegheiter. Ein er også litt ettertrakta for andre yrker ettersom bønder er kjent for å vere arbeidssomme. Du kan jobbe som rådgivar innan landbruk, TINE, Nortura, private møller, Felleskjøpet, og ein kan jobbe på landbruksskule som lærar. 

Kva kan ein forvente i lønn som agronom?

– Det varierer veldig ettersom ein er sjølvstendig næringsdrivande når ein driv gard. Lønna kan også variere mellom ulike år med tanke på investeringar og så vidare. 

Korleis er sjansane for å få jobb som agronom?

– Viss ein er interessert i å jobbe som for eksempel avløysar på ein gard, er det enkelt å få seg jobb. Ein avløysar er ein person som tek over gardsarbeidet når bonden treng fri, har ferie, er sjuk og så vidare.

Er ein interessert i å drive gard sjølv, men ikkje har til dømes odel på ein gard, er det ein litt lengre prosess. Skal ein kjøpe seg ein gard, krev det som regel mykje kapital då det er store verdiar i gardsdrift. 

Kva vil du seie til ungdom som vurderer å bli agronom?

– Viss du er motivert og inspirert, er det eit veldig godt utgangspunkt. Det er viktig å få ungdom inn i næringa. 

Tilhørende utdanninger

Jordbruk

Du lærer om dyrking av planter, drift av gård, bruk av landbruksmaskiner og hvordan klima og natur påvirker matproduksjonen.

Finn studier
Landbruk

Du får allsidig kompetanse om både konvensjonell og økologisk drift, der sammenhenger mellom biologisk produksjon, naturens tålegrenser og menneskelig aktivitet står sentralt.

Finn studier
Landbruksfaget

Du lærer om dyr, planter og praktisk arbeid.

Finn studier