Fakta

Sted:
Stavanger
Studietype:
Master, 2 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Stavanger

31. januar 2024.

Om studiet

På masterstudiet studerer du tekst- og språkvitskap ut frå mange ulike synsvinklar og tilnærmingsmåtar. Me er opptekne av alle typar tekst – frå reklametekster til romanar, frå runeinnskrifter til tekstmeldingar. Korleis me nyttar språk, og kva for språkstrukturelle og sosiale tilhøve som verkar inn på den bruken, står òg sentralt.

Masterstudiet i nordisk og lesevitskap gjev deg omfattande kunnskap om språk og tekst, med høve for spesialisering innan skriftkultur, skjønnlitteratur, talemål, norsk som andrespråk, digitale tekstar og saktekstar.

Du får djup innsikt i korleis språk og litteratur skapar kunnskap, opplevingar, refleksjon og ny innsikt.

Varigheita av masterstudiet er to år, men du kan søkje overgang til deltidsstudium over fire år etter opptak, og oppbygginga er identisk for begge alternativa.

Undervisninga går parallelt for både heiltids- og deltidsstudentar og inkluderer aktuell forsking om språkvitskap, talemål, skriftkultur, det litterære systemet i Noreg, språkleg utvikling og endringar i tekstbruk i samfunn, skule og det digitale rommet.

Kvart emne har inntil fire timar undervisning per veke.

Undervisningsopplegg

Undervisning ved institusjonen

Opptakskrav

1. Bachelor/grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande med fordjuping på minimum 80 studiepoeng i norsk/nordisk med minimum 20 studiepoeng språk og 20 studiepoeng i litteratur. Minst 30 av dei 80 studiepoenga i fordjupingsområde må byggje på emne på grunnivå.

2. Grunnskolelærarutdanning eller tilsvarande (fireårig)* med minst 60 studiepoeng i norsk/nordisk og minimum to års relevant yrkeserfaring innanfor fagområdet frå skule.

Det er faglig minstekrav på karakteren C i fordjupingsområde. Søkarar med utdanning der det ikkje er mogleg å regne ut karaktersnitt i fordjupingsområde, må ha karakteren C i heile graden som kvalifiserer for opptak. Dersom ein har utdanning med annan karakterskala enn ECTS-karakterar (A-F), må ein dekkje tilsvarande norsk C.

*Tilsvarande kan vera grad på minst 180 studiepoeng med minst 60 studiepoeng i norsk/nordisk pluss PPU og minimum to års relevant yrkeserfaring innanfor fagområdet frå skole.

Søknad: via lokalt opptak.
Søknadsfrist: 15. april


Videre studier

Med ein master i nordisk og lesevitskap vil du ha mange moglegheiter innanfor mange verksemder og kan til dømes jobbe som:

  • kulturformidlar
  • festivalprodusent og -sjef
  • bokmeldar
  • museumsdirektør
  • bibliotekar
  • forskar
  • forlagsredaktør og -sjef
  • journalist

Masterstudiet i nordisk og lesevitskap gjev, saman med praktisk-pedagogisk utdanning, lektorkompetanse.

Fullført studium kvalifiserer for å søke opptak til ph.d.-programmet i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger.

Karrieremuligheter

Med master i nordisk og lesevitskap kan du arbeide i skoleverket, i media, på bibliotek, kultursektoren, i forlag og innan offentleg administrasjon. Du kan jobbe med undervisning og tilretteleggjing, utvikle og skape innhold og tjenester, med rådgjevning i situasjonar kor forståing for tekst, språk og sjanger er viktig.

Kvalifikasjon/tittel

Master i nordisk og lesevitenskap