Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studieform: Nettstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon oppdatert

14. mars 2022.

Om studiet

Kurset Nordisk: Moderne språk har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk brukt som første- og andrespråk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i bokmål. Nordisk: Moderne språk har fire hovudtema:

  • moderne norsk grammatikk, dvs. morfologi (ordoppbygning) og syntaks (setningsoppbygning), både bokmål og nynorsk
  • ordkunnskap (særleg ordbetydning)
  • tekstkunnskap
  • moderne skriftspråkshistorie frå 1800-talet til moderne bokmål og nynorsk

Kurset inngår som eitt av fire emne i det toårige deltidsstudiet i nordisk språk og litteratur - Fjernord. Du vel sjølv om du vil ta berre dette emnet eller alle fire emna.

Viss du tek alle fire emna som inngår i Fjernord får du kompetanse til å undervise i norsk i skulen. Kunnskapar om nordisk språk og litteratur er også aktuelt for deg som arbeider med språk og litteratur i andre yrke.

Kurset skal etter planen gå vårsemesteret 2022, med søknadsfrist i desember 2021.

Alle utdanninger innen