Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studieform: Nettstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon oppdatert

14. mars 2022.

Om studiet

Kurset Nordisk: Litteratur etter 1900 skal gi god kjennskap til sentrale norske og nordiske tekstar og forfattarskap på 1900-talet.

Du kan ta emnet for å styrkje kompetansen din i moderne nordisk litteratur, eller som eitt av fire emne i det toårige deltidsstudiet i nordisk språk og litteratur - Fjernord.

Nordisk: Litteratur etter 1900 er basert på eit breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå 1900 og fram til i dag. Ein les tekstane ved hjelp av både eit litteraturhistorisk og eit sjangerteoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer omtrent halve emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg les studentane eit utval sakprosa.

Viss du tek alle fire emna i Fjernord, får du kompetanse til å undervise i norsk i skulen. Kunnskapar om nordisk språk og litteratur er også aktuelt for deg som arbeider med språk og litteratur i andre yrke.

Kurset skal etter planen gå neste gang vårsemesteret 2021. Søknadsfrist i desember 2020.

Alle utdanninger innen