Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studieform: Samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon oppdatert

14. mars 2022.

Om studiet

Kurset Nordisk: Den eldre litteraturen gir kjennskap til sentrale nordiske, særleg norske tekstar og forfattarskap frå norrøn tid og fram til 1900. Kurset byggjer vidare på emnet Nordisk: Litteratur etter 1900 og kan takast for å styrkje kompetansen i eldre litteratur eller inngå som eitt av fire emne i det toårige deltidsstudiet i nordisk språk og litteratur - Fjernord.

Nordisk: Den eldre litteraturen skal gi studentane innsikt i eldre nordisk litteratur og kulturutvikling. Emnet skal gi ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter skjønnlitteraturen til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve som er relevante for meiningsproduksjonen i den enkelte teksten. Emnet skal også bidra til refleksjon omkring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar.

Du kan ta kurset for å styrkje kompetansen din i eldre nordisk litteratur, eller som eitt av fire emne i det toårige deltidsstudiet i nordisk språk og litteratur - Fjernord.

Viss du tek alle fire emna i Fjernord, får du kompetanse til å undervise i norsk i skulen. Kunnskapar om nordisk språk og litteratur er også aktuelt for deg som arbeider med språk og litteratur i andre yrke.