Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Vil du vere med på å fremje folkehelse og velvere i befolkninga? Ta ein master i helsefremjande arbeid og helsepsykologi ved Universitetet i Bergen!
Mastergradstudiet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi har ein tverrfagleg og profesjonsovergripande profil med mål om å auke kunnskapen og forståinga mellom ulike tverrfaglege disipliner og sektorar i arbeidet med å fremje helse og velvære i befolkninga.
Programmet tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til folkehelse, med vekt på helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet blir det sett fokus både på individuelle, sosiale og strukturelle tilhøve som har relevans for utvikling av helse, helseåtferd og helseoppleving. Det blir lagt vekt på grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, kritiske analysar av teoriutviklinga på feltet og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak.
Det faglege innhald i masterprogrammet er i samsvar med tilrådingar for studieinnhald frå Folkehelseforeninga og Nasjonalt Nettverk for Helsefremming, utvikla i samarbeid med Helsedirektoratet.