Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Anvend og utrekningsorientert matematikk er eit felt der matematikk brukast til å løyse praktiske og teoretiske problem frå forskjellige område. Anvende problemstillingar kjem gjerne frå naturvitskap, industri, ressursforvalting, medisinsk biletbehandling og andre område. Gjennom ein modelleringsprosess vert problema skildra i matematisk form av ein eller fleire likningar. Desse likningane vert løyst med hjelp av numeriske verktøy, og resultantane brukas til å få betre innsikt i dei opphavlege problema. Ein viktig del av fagfeltet er dessutan grunnleggjande metodeutvikling innan utrekningsorientert matematikk, der ein undersøker korleis ulike klassar av matematiske problem kan representerast og løysast effektivt ved hjelp av datamaskinar.

Etter utdanning i anvend og utrekningsorientert matematikk skal studenten vere i stand til å løyse praktiske problem frå forskjellege område ved hjelp av matematisk modellering, analyse og numerisk utrekning. Vidare skal studenten ha eit teoretisk fundament som gjev grunnlag for å forstå forskingslitteratur innan fagfeltet og kunne nytte nye metodar og resultat i praktisk arbeide.

Det er to obligatoriske emne i masterprogrammet: MAT252 Kontinuumsmekanikk og MAT260 Reknealgoritmar 2. Dei resterande emna velges i samråd med rettleiar. Sjå spesialiseringane (under) for anbefalde emne.

Studenten skriv masterprosjekter i anvend og utrekningsorientert matematikk innan følgjande tema: anvend analyse, biletbehandling, fluidmekanikk, havmodellering, inverse problem, mekanikk og dynamiske system, miljømatematikk, numerisk matematikk, reknevitskap, reservoarmatematikk og skuleretta matematikk.

Omtale av spesialiseringane:

  • Anvend analyse er retta mot utvikling av analytiske og konstruktive metodar for løysing av differensial- og integrallikningar frå ulike bruksområde. Tilrådde forkunnskapar: MAT211, MAT213, MAT230. emne/MAT211Sentrale emne: MAT232, MAT234.
  • Bildebehandling rettar seg mot utvikling og analyse av numeriske metodar for handsaming av bilde frå medisinsk forsking, datateknologi og andre større simuleringsoppgåver. Tilrådde forkunnskapar: STAT110, MAT213, MAT261.Sentrale emne: MAT234, MAT262, INF270. emne/MAT234
  • Fluidmekanikk og havmodellering rettar seg mot analytiske og numeriske studium av bølgjer og strøymingar på industriell og geofysisk skala. Bakgrunn i fysisk oseanografi er nyttig for dei som vil studere havstraumar. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT252. Sentrale fag: MAT234, MAT253. emne/MAT234
  • Inverse problem involverar typisk estimering av storleikar basert på indirekte målingar. Døme er dynamisk reservoar karakterisering og monitorering. Tilrådde forkunnskapar: STAT110, MAT230. Sentrale fag: MAT234, MAT254, MAT265.
  • Mekanikk og dynamiske system rettar seg mot modellering av fysiske og biologiske system med vekt på samanhengar mellom prosessar på det mikroskopiske og det makroskopiske nivå. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230. Sentrale fag: MAT251. emne/MAT251
  • Miljømatematikk rettar seg mot problem knytt til inngrep i og forvaltning av miljøet. Modellering og differensiallikningar er sentrale emne. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT234, MAT254.
  • Numerisk matematikk ser på utvikling og drøfting av numeriske metodar som vert brukt i utrekningsoppgåver. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT236, MAT261, MAT360. emne/MAT236
  • Reknevitskap bruker utrekningar til å søke innsikt i kompliserte fenomen som vanskeleg kan finnast bare ved teoretiske vurderingar og laboratorieeksperiment. Modellering, simulering og visualisering vert brukt i problemløysinga. Tilrådde forkunnskapar: MAT230, MAT260. Sentrale fag: MAT261, MAT360.
  • Reservoarmatematikk rettar seg mot analytiske og numeriske studiar av strøyming i oljereservoar. Dette er oppgåver som ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale emne: MAT234, MAT254.

Emneliste: http://www.uib.no/math/emner og http://www.uib.no/matnat/emner

Kvalifikasjon/tittel

Master i anvendt og beregningsorientert matematikk

Alle utdanninger innen