Fakta
- 52.30 (primær)
- 54.90 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
17. april 2024.
Om studiet
Mål
Studieprogrammet i energi skal gi eit solid teoretisk fundament for å forstå eit breitt spektrum av problemstillingar innan energiressursar og energiforsyning. Programmet skal gi kandidatane evne til å setje energiforsyning og -bruk inn i eit globalt og nasjonalt perspektiv knytt til klima, miljø og samfunn. Eit overordna mål er å forstå dagens problemstillingar innan energiforsyning og vera særskilt godt rusta til å løyse utfordringar for å nå målet om berekraftig energi til alle.
Innhald
I studiet lærer du om energiressursar,- som vatn, vind, sol, bioenergi, samt fossil energi. Du vil lære om korleis dei ulike energikjeldene kan bli omforma og utnytta, om berekraft og klimaavtrykk, og korleis til dømes hydrogenteknologi og CO2-handtering kan bli tatt i bruk for å redusere CO2-utslepp.
Studiet introduserer også andre teknologiar som i liten grad er tatt i bruk, men har stort potensial, som til dømes teknologi basert på energi frå bølgjer, tidvatn og jordvarme.
Du vil lære om moglege utfordringar knytt til nye fornybare energikjelder som til dømes lagring og leveringstryggleik.
Studiet gir deg kunnskap om teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige konsekvensar ved bruk av ulike energikjelder.
Etter fire semester med felles emne spesialiserer studentane seg innan ei av følgjande studieretningar: «vind- og havenergi», «reservoar og geoenergi», «energi- og prosessteknologi» eller «kjemiske energiløysingar». Valet tek du i fjerde semester.
Studiet gir deg solid kompetanse i grunnleggjande realfag og grunnlag til å følgje med og bidra i energiomstillinga. I tillegg får du breiddekunnskap som hjelper deg å setje energi inn i eit samfunnsperspektiv.
Studiet gir sivilingeniørkompetanse. Det betyr at du i tillegg til dei grunnleggjande realfaga får kunnskap innafor fag som programmering, teknologileiing, økonomi og miljøfag.
I studieprogrammet nyttar ein varierte arbeidsformer som førelesingar, seminar og gruppearbeid, laboratorieøvingar, praksisopphald i bedrift/ forskingsverksemd og ekskursjonar. Du vil bli rettleia i eit spesialisert masteroppgåveprosjekt over eitt år i slutten av studiet.