Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 5 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
300
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2024:
  • 55.00 (primær)
  • 62.30 (ordinær)
Studieplasser: 374
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 184724

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

8. november 2024.

Om studiet

I løpet av jusstudiet vil du forstå kvifor juss er nødvendig for å løyse både nabotvistar og globale utfordringar. Det er vanskeleg å sjå for seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. På jusstudiet vil du lære om korleis lovene fungerer i praksis, og kva som kan bli konsekvensane av å bryte dei. Tek du ein mastergrad i rettsvitskap, får du ei utdanning som gir deg stor valfridom i arbeidslivet. Du får ei utdanning som kjem til nytte enten du drøymer om å jobbe med menneskerettar, politirett, EU-rett, internasjonal handel eller berekraft. Juss er eit trygt val i ei usikker framtid.

Masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen er på til saman 300 studiepoeng (fem årseiningar). I dette inngår examen philosophicum med 10 studiepoeng og examen facultatum med 10 studiepoeng, valemne på 20 studiepoeng, spesialemne på til saman 30 studiepoeng, og eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 eller 70 studiepoeng.

Oppbygging

Profesjonsstudiet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell som inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same emna i same rekkjefølgje i løpet av eit studieår. Slik byggjer det eine emnet på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt emne. For å få kursgjennomføringa godkjent og løyve til å gå opp til eksamen, må du som hovudregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vere til stades på samlingar, levere oppgåver, med meir.

I det tredje studieåret kan ein velje emne innanfor ein avgrensa krins av valemne der minst eitt emne må vere på engelsk, eller ein kan reisa på utveksling eitt semester.

I det femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. Også i denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet; eitt eller to semester.

Kvart studieår er normert til 60 studiepoeng. Dersom du kjem til studiet med emne du vil ha godskrive i graden, må du rekne med at utdanningsplanen din kan omfatte år med mindre enn 60 studiepoeng.

Kvalifikasjon/tittel

Master i rettsvitenskap

Alle utdanninger innen