Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
18. november 2024.
Om studiet
Dette studiet åpner dører for å forstå vær, havstrømmer og klimaendringer gjennom matematikk og fysikk. Med høyt etterspurt kompetanse på dagens arbeidsmarked kan du være med på å løse utfordringer forårsaket av klimaendringer, ekstremvær, havforsuring og global oppvarming.
Mål
Bachelorprogrammet i klima-, atmosfære- og havfysikk har som mål å gi studentane ei grunnleggjande innføring i dei faktorane som styrer rørsla i atmosfæren og i havet og deira eigenskapar. Studiet dekker såleis fysiske eigenskapar til atmosfæren, fysiske og kjemiske eigenskapar til hav, og korleis ein tek målingar og gjer analyse av desse. Studiet gir og ei innføring i fenomen som påverkar vekselverknaden mellom atmosfære og hav, og korleis nemnd kunnskap kan nyttast for å forstå og forklare variasjonar og endringar i klima.
Innhald
Bachelorprogrammet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk og matematikk, og gir studentane god bakgrunn for arbeid i mellom anna forsking, utdanning, forvaltning, vêrvarsling, klima og fornybar energi.
Fagområdet klimafysikk skildrar tilstanden i hav og atmosfære over lang tid, korleis desse endrar seg over tid og korleis dei er kopla saman og påverkar kvarandre.
Fagområdet meteorologi, eller atmosfærefysikk, er studiet av vêrfenomen og dei ulike fysiske eigenskapane og prosessane i atmosfæren. Fagområdet oseanografi, eller havfysikk, er studiet av dei ulike eigenskapane og prosessane i havet. Dette fagområdet inneheld også skildring av krinslaupet til kjemiske stoff, som karbon og næringsemne, i havet.
I både meteorologi og oseanografi er dei fysiske lovene formulerte med hjelp av matematiske likningar som nyttast til å skildre og betre forstå naturen.
Ettersom faga nyttar informasjonsteknologi blir informatikk tilrådd som støttefag.
Studieprogrammet nyttar forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi og geofysikk til å utdanne kandidatar med kompetanse i meteorologi, oseanografi og fysiske klimavariasjonar, samt dannar grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).